mini|Anatekse spelar ei viktig rolle i danninga av migmatitt Anatekse (via latinsk frå gresk som tyder 'å smelte om')"anatexis". http://en.wiktionary.org/wiki/anatexis er ein geologisk prosess der ein bergart vert heilt eller delvis smelta, særleg i forminga av metamorfe bergartar som migmatitt.
Dette skjer djupt i jordskorpa eller øvst i mantelen, der det er høgt trykk og temperatur. Den smelta steinen kan samle seg i større mengder og trenge opp gjennom jordskorpa og størkne til djup-, gang- eller dagbergartar.
Ein kjenner best anaktese frå granittiske bergartar, mellom anna fordi granitt er vanleg i djupt i jordskorpa.
Ein anateksitt er ein bergart der ein framleis kan sjå spor etter danning ved smelitng av eldre berggrunn i strukturen.
Sjå òg Granitt Migmatitt
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Anatexis» frå , den 22. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Metamorf petrologi Kategori:Petrologi