RS 36 «Andreas Aarø» var den første norske redningsskøyta med motor. Ho vart bygd hjå K. Christensen & co. i Risør. Båtbyggaren tilpassa Colin Archer sine teikningar av russiske redningsskøyter frå 1902 og motorteikningar Archer gjorde under planlegging av RS «Vardø» (RS 22) til bygginga av den nye skøyta. Skroget vart gjort fyldigare og jernkjølen trekt noko lenger fram enn på dei tidlegare skøytene. Det vart innsett ein 50/80 HK Wichman semidiselmotor. Den toblada propellen kunne stillast i nøytral stilling når skøyta segla.

RS 36 fekk namn etter Andreas Aarø frå Oslo. Han var opphavleg frå Molde. Han stod bak finansieringa

Motoriseringa av «Andreas Aarø» var så vellukka at det etter dette berre vart bygd skøyter med motor. Det synte seg likevel at ho vart liggande noko tungt i vatnet. Dei neste skøytene vart bygd etter andre teikningar.

RS «Andreas Aarø» vart seld av Redningsselskapet i 1965.

Kjelder Bjørn Fossen: Hundre år med redningsskøyta. Grøndahl og Dreyers Forlag 1994

Kategori:Norske redningsskøyter Kategori:Skip frå 1930