Johan Remen Evensen () er ein norsk, tidlegare skihoppar som er medlem av Molde og Omegn Idrettsforening. Evensen er opphavleg frå Alsvåg i Øksnes kommune i Nordland, voks opp i Molde.
Evensen er særleg kjend for dei to verdsrekordane i skiflyging som han sette 11. februar 2011 i Vikersundbakken. Han hoppa først 243 meter, fire meter over verdsrekorden, for seinare på kvelden å hoppe 246,5 meter.
Aktiv Evensen debuterte i verdscupen med 10. og 12. plass i Trondheim]] i desember 2008. 13. desember vart han nummer 7 i verdscuprennet i Pragelato i Italia, og dagen etter kom han på tredjeplass same stad i eit renn med berre ein omgang, under vanskelege verforhold. 14. februar 2009 vart han igjen nummer 3 i eit verdscuprenn, i skiflygingsbakken i Oberstdorf i Tyskland.
Evensen lukkast aldri i dei individuelle tevlingane under dei store meisterskapane. Derimot var han med på fire av dei fem norske medaljelaga i åra 2009-2011; under ski-VM 2009, vinter-OL 2010, skiflygings-VM 2010 og ski-VM 2011. Han fekk då med seg tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje, alle medaljane vann han saman med Anders Bardal og Anders Jacobsen. Dessutan var Tom Hilde med på tre av medaljelaga, medan Bjørn Einar Romøren kompletterte skiflygingslaget som tok VM-sølv i 2010.
Evensen la opp i 2012, etter å ha slite med å halde nede kroppsvekta.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 2009 i Liberec: Sølvmedalje i laghopping, nr 27 i normalbakken Vinter-OL 2010 i Vancouver: Bronsemedalje i laghopping, nr 15 i storbakken VM i skiflyging 2010 i Planica: Sølvmedalje i laghopping, nr 18 individuelt Ski-VM 2011 i Oslo: Sølvmedalje i laghopping i storbakken. Nr 14 i det individuelle storbakkerennet
Besteplasseringar i internasjonale renn 2009: To tredjeplassar i Pragelato og Oberstdorf (skiflyging) 2010: Tredjeplass i Oberstdorf (skiflyging) 2011: Siger i Vikersund og to andreplassar; Lillehammer og Vikersund 2012: Nr 9 i Bad Mitterndorf (skiflyging)
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 2009: Nr 12 i storbakken på Lillehammer 2010: Bronsemedalje i storbakken i Trondheim 2011: Bronsemedalje i normalbakken i Sprova 2012: Nr 18 i normalbakken i Trondheim
Kjelde Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Romsdals Budstikke: - Føles som en drøm! (6. desember 2008) VG: Hoppkometen: - Har aldri vært så nervøs i hele mitt liv (7. desember 2008)
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Folk frå Øksnes Kategori:Folk frå Molde