Hegge stavkyrkje er ei stavkyrkje som ligg i Øystre Slidre i Valdres. Kyrkja har vore datert til første halvdel av 1200-talet basert på vurdering av portalskurden, men nyare årringsundersøkingar tilseier at ho kan vere noko eldre, frå slutten av 1100-talet. I fylgje tradisjonen skal ho vere bygd kring 1665 av material frå to eldre kyrkjer, men det finst ikkje noko i kyrkja som tyder på dette. Byggematerialet er grovt tømmer, i tårnet ligg nokre golvbord frå 1200-talet som er 50cm breie og 10cm tjukke.

Kjelder Norges Kirker: «Hegge kirke» på nettstaden til Norsk Institutt for kulturminneforskning Om Hegge stavkyrkje på nettstaden stavkirke.org Faktaark om Hegge stavkyrkje frå Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff Om Hegge sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Oppland» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Kyrkjer i Øystre Slidre Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti Kategori:Kulturminne i Øystre Slidre