Hareid er den største tettstaden i Hareid kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke med . Brandal er den andre tettstaden i Hareid kommune.

Tettstaden Hareid omfattar heile den tettbygde delen av det tradisjonelle Hareid sentrum og den tettbygde delen av Hjørungavåg.

Hareid er administrasjonssenteret i Hareid kommune, og inneheld dei fleste vesentlege funksjonar i ein bygdeby.

Hareid er såleis eit handlesenter, og her er også industri, hotell, Hareid kyrkje mv.

Fylkesveg 61 går frå Hareid sentrum mot Ulsteinvik. Frå Hareid sentrum går også fylkesveg 61 som ferjesamband til Sulesund. Det går vidare hurtigbåt frå Hareid sentrum til Ålesund.

Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal

Kategori:Geografi i Hareid Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal