Troké (gjennom latin frå gresk, 'springande') er i moderne dikting ein versefot samansett av ei tung og ei lett staving, som i ord som «dikte», «lenge», «rose» eller, ironisk nok, «jambe», ein motsett versefot. I klassisk dikting var ein troké ein versefot samansett av ei lang og ei stutt staving.
Troké er mykje brukt i latin, der trykket nesten aldri fell på siste staving. Dette finn ein mellom anna døme på i Dies irae-delen av rekviem-messa:
Dies irae, dies illa Solvet saeclum in favilla Teste David cum Sybilla.
Mykje eldre finsk litteratur, som nasjonaleposet Kalevala, er skrive i trokéisk tetrameter (fire trokéar på kvar linje: DAM-da DAM-da DAM-da DAM-da):
vaka vanha Väinämöinen itse loihe laatijaksi, tekijäksi teentelihe.
Lengre dikt som brukar mykje troké (av typen med tung og lett staving) kan lett oppfattast som monotone eller strenge i uttrykksmåten, men i kortare dikt kan versefoten vera effektiv.
Gjennomført bruk av troké er mindre vanleg i engelsk enn i latin, men han er brukt i fleire kortare vers, som i heksediktet i Macbeth av Shakespeare:
Double, double, toil and trouble; Fire burn and cauldron bubble.
Versefoten er også vanleg i barnerim:
Jack and Jill went up the hill To fetch a pail of water. Jack fell down and broke his crown, And Jill came tumbling after.
Også på norsk kan troké nyttast i kortare dikt og songar, som i «Noen barn er brune» av Jo Tenfjord:
Noen barn er brune som et nystekt brø
Sjå òg Jambe Anapest Daktylos
Kjelder
trochee i Encyclopædia Britannica. Henta 16. september 2013. troké (2009, 15. februar) i Store norske leksikon. Henta 16. september 2013. Per Einar Jensen, Verseføtter , Versekunst
Kategori:Verselære