mini|Det svarte anarkist-flagget med det uoffisielle symbolet til rørsla, ein A i ein sirkel. Anarkisme (frå gresk anarchia - fråvær av styresmakt) blir av mange oppfatta som ei retning innan sosialismen, som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom ein føderasjon, etter prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng.

Anarkisme blir også kalla fridomssosialisme eller friheitleg sosialisme. Ein type anarkisme som vil erstatte staten med fagrørsla, blir kalla anarkosyndikalisme. Denne har stått sterkt i arbeidarrørsla sin barndom i land som Italia, Frankrike og Spania. I delar av Spania, såleis til dømes Catalunya, var den anarkosyndikalistiske fagrørsla CNT (Confederacion Nacional del Trabajo) den som stod sterkast i arbeidarklassen før den spanske borgarkrigen. I USA stod den anarkosyndikalistiske fagorganisasjonen IWW, Industrial Workers of the World, relativt sterkt i første delen av førre hundreåret. I Sverige finst det også ein slik fagorganisasjon som framleis er til å rekne med, SAC, Svenska Arbetares Centralorganisation. Den største innverknaden frå anarkismen må i dag likevel seiast å vere meir indirekte, på demokratiske sosialistar, som har stor sans for anarkistane si insistering på fridomens eigenverdi.

Anarkistiske idéar i Noreg har hovudsakleg vore hevda av ulike intellektuelle miljø, og er for det meste haldne fram av forfattarar. Mellom dei fyrste som kalla seg anarkistar i landet, var Arne Garborg og Ivar Mortenson-Egnund. Dei dreiv det radikale målbladet Fedraheimen som kom ut 1877-91. Etter kvart vart dette bladet meir og meir merkt av anarkistisk tilfang, og heilt på slutten, då Rasmus Steinsvik var bladstyrar, hadde bladet jamvel undertittelen Anarkistisk-Kommunistisk Organ. Ein annan anarkistisk forfattar frå same tidbolken var Hans Jæger, som i 1908 gav ut bokverket Anarkiets bibel. I nyare tid har Jens Bjørneboe vore den fremste målsmannen for anarkismen i Noreg.

Ulike retningar mini|Flagget til anarko-syndikalismen er ei blanding av det raude og det svarte. Det finst ei rekkje retningar innan anarkismen, blant anna: Anarkafeminisme (Louise Michel, Emma Goldman) Økoanarkisme (Murray Boockhin) Anarkosyndikalisme (Rudolf Rocker) Mutualisme (Pierre-Joseph Proudhon) Anarkoindividualisme (Max Stirner, Benjamin Tucker) Anarkokollektivisme (Mikhail Bakunin) Anarkokommunisme (Pjotr Kropotkin, Errico Malatesta) Anarkokapitalisme (Murray Rothbard)

Desse legg vekt på ulike sider ved samfunnet og ulike måtar å organisere det på, men felles for dei alle er at dei er for stor personleg fridom, dei ikkje vedkjenner seg alle autoritetar, og hyller individet sin autonomi, individet sine rettar til eigne avgjersler og rett til sjølvrealisering.

Med unntak av anarkokapitalisme blir fridomen sine fiendar definert som staten og kapitalismen. «Vi er overtydde om at fridom utan sosialisme er privilegium og urett, og at sosialisme utan fridom er slaveri og brutalitet», sa Mikhail Bakunin.

Ideologiske trekk Anarkistar er usamde om mykje, men det finst somme ideologiske fellestrekk i dei fleste retningane.

Autoritetar og ekspertar Det som er felles for all anarkisme er motstanden mot autoritetar. Autoritet tyder overordning av ei framand vilje over ens eiga. Autoritet vil på den andre sida seie underordning. Ein autoritet er ein person (eller institusjon) som tar avgjersler for andre. Autoriteten tar avgjerslene frå dei andre; den stel desse avgjerslene. I vanleg språkbruk tyder autoritet, i tillegg til ein som fattar andres avgjersler, også sakkunnskap eller kompetanse. I anarkistisk språkbruk er det eit skarpt skilje mellom ekspertkompetanse og avgjerslekompetanse. Kompetansen åt ekspertane dreier seg om utgreiingar og framlegg. Retten til avgjersler ligg hos dei som blir mest råka av avgjerslene, i omfang og styrke. Ein utanforståande ekspert er ikkje nødvendigvis han som vert påverka av avgjersla. Ein tannlege har kunnskap om tenner, og vil kunne gje meg råd om rotfylling, men det er opp til meg å avgjere om tannlegen skal rotfylle tanna mi. Eg kan om eg ser det naudsynt også gå til ein annan tannlege for å be om råd, men den endelege avgjersla om eventuelt å rotfylle er mi, og berre mi.

Staten og kapitalismen Anarkistane er motstandarar av staten, dvs. skiljet mellom dei som styrer og dei som vert styrt. Anarkistar er dermed også anti-sosialistar, anti-kommunistar og anti-fascistar, ettersom eigenarten åt sosialismen, fascismen og kommunismen har ein sterk stat som føresetnad. Spesielt kommunisme som ikkje tillèt privat eigedomsrett, i praksis svarar det til at staten eig alt. Anarkistar fornektar ideen om formynderi; at nokon enkeltindivid, klasser eller parti har rett til å rå over andre menneske. Staten bygger på økonomisk ulikskap, autoritetstru og leiarprinsipp. Statsomgrepet er ikkje berre det vi oppfattar med staten, altså ein nasjonal overbygning ─ regjering, men ein spesiell type organisering av samfunnet ─ hierarki. I staden for berre å vere antistatleg er anarkismen derfor primært ei rørsle mot hierarki, då hierarki er den organisasjonsstrukturen som konkretiserer autoritet. Sidan staten er den «høgste» form for hierarki, er anarkistar per definisjon antistatlege; men dette er ikkje ein heildekkande definisjon av anarkismen. Det inneber at alle anarkistar er imot alle former for hierarkiske organisasjonar, det vere seg i ei verksemd, ein organisasjon eller ein kommune, ikkje berre staten. Ein må ikkje forveksle staten med samfunnet eller eit geografisk område. Dei som gjer det trur ofte ved mistak at anarkistar er mot alle sosiale band, alle typar kollektivt arbeid, alle former for offentleg verksemd, og at anarkistar lever i ei stode av isolasjon. Dette er ei feil oppfatning av anarkistar. Staten er også ein tilstand, eit spesielt samband mellom menneske, ein måte å oppføre seg på; vi øydelegg staten ved å inngå andre samband, ved å oppføre oss annleis. Staten vert kjenneteikna av ein struktur for avgjersler, og av institusjonar som definerer si eiga makt og andre si makt. Til dette nyttar leiinga maktmiddel dei sjølv har monopol på. Dette inneber òg at eit privat føretak med ein hierarkisk avgjerslestruktur har ei statleg organisasjonsform.

Anarkistane er imot kapitalismen, dvs. skiljet mellom eigarar og eigedomslause. Eigedomsretten til produksjons- og distribusjonsmidla føreset eit lite mindretal av dei som held på eigedomar og eit stort fleirtal av eigedomslause. Dei siste er bunden til mindretalet av eigarar for å få arbeid og midlar til livsopphald. Dei er lønsarbeidarar, og meirverdien dei skaper vert kontrollert av dei som sit på eigedom, og ikkje av dei sjølve. Privat eigedom er på mange måtar som en privat type stat. Eigaren avgjer kva som skal skje innan det området ho eller han eig, og utøver derfor eit maktmonopol over det. Det som kjenneteiknar kapitalismen er produksjon for profitt (pengar skal bli til meir pengar), ikkje for å komme i møte trongen til folk. Anarkistane har som eit mål å fjerne den private eigedomsretten til produksjons- og distribusjonsmidla – om ikkje anna dei middel som føreset at eigaren må kjøpe arbeidskraft.

Det karakteristiske ved eigedom er «herredømme over andre», altså ei eller anna form for dominans, f.eks. det å eige ein frisørsalong med fleire tilsette. Anarkistane vil i staden innføre «lån», eller bruksrett. Det karakteristiske ved bruksrett er å «vere sin eigen herre», på individuell eller kooperativ basis, f.eks. drive som frisør aleine, eller at fleire frisørar på like fot går saman om ein salong. Anarkistar er for den privateigedom som ikkje kan brukast til å utnytte andre - personlege eigedelar som vi samlar frå vi er barn og blir del av liva våre. Prinsippet er at eit menneske har rett til det som det sjølv produserer igjennom arbeidet sitt, men har ikkje rett til det som kjem frå andre sitt arbeid.

Desse to typar av autoritet, stat og kapitalisme, lever i eit gjensidig forhold til kvarandre, og kan vanskeleg verte skilt. Det er en viss samanheng mellom mangel på sidestilling og sviktande likestilling. Overordning og utbytting, politisk og økonomisk hierarki, er langt på veg to sider av same sak: «Staten [...] er eit middel for den besiddende klasse til at opretholde sin økonomiske makt.»Til Frihet 2/1904. Utgitt av Kristofer Hansteen

Et moderne storkapitalistisk selskap adskiller sig hverken i sin opbygning, sitt vesen, i sine mål, i sine arbeidsmetoder eller i sine problemer nevneverdig fra en stat. Den eneste synlige forskjell er at et storkapitalistisk selskap som oftest er bedre organisert og blir ledet fornuftigere og dyktigere enn en stat.Alarm, nr. 22 1937. «Et sant ord» av B. Traven

Den klassiske anarkismen er sosialistisk, eller i det minste antikapitalistisk. Anarkokapitalistar vil vere usamde i skildringa av kapitalisme og eigedom. Anarkokapitalismen er ei relativt ny retning. Han ser på seg sjølv som liberalistisk, og dei andre anarkistiske retningane vedkjenner derfor ikkje anarkokapitalismen som anarkistisk.

Det anarkistiske samfunn - ei skisse Anarkismen er ein politisk teori med ein målsetnad om å skape eit samfunn med individuell fridom, der frie individ fritt samarbeider som likeverdige. Berre dei som sjølv vert omfatta av avgjerslene og tar ansvar for å setje dei i verk tar avgjersler og følgjer dei opp. Det vil seie at kvart individ tar avgjersler i personlege saker.

Partane som vert omfatta av avgjersler i fellessaker avgjer desse direkte på like fot, av to i saker som avgjer for to, av tre i saker som omfattar tre osb., og av alle i allmenne saker. Målet er å oppnå konsensus så langt dette er mogleg. Ulike anarkistiske retningar vil legge vekt på ulike sider ved organiseringa av samfunnet, men desentralisme og føderalisme vil vere felles for dei fleste retningane.

Desentralisme Anarkismen er imot alle former for hierarkisk kontroll. Ein skal bygge samfunnet frå botnen, autoritetar skal ikkje tvinge avgjersler nedover i eit hierarki. Anarkistar føretrekkjer derfor eit desentralisert samfunn, utan undertrykkjande institusjonar, eit samfunn organisert gjennom ein føderasjon av frie assosiasjonar og samanslutningar. Dei ser denne forma for samfunn som det beste for å maksimere verdiane fridom, likskap og solidaritet. Berre med ein rasjonell desentralisering av makt, både strukturell og territorial, kan ein oppfostre og oppmuntre individuell fridom. Frie assosiasjonar er hjørnesteinen i eit anarkistisk samfunn. Individ må vere frie til å slå seg saman etter eige ønske, for dette er grunnlaget for fridom og menneskeleg verdigheit. Likevel må ei kvar slik semje vere basert på desentralisering av makt, sidan berre likskap syter for den sosiale grobotnen for at fridomen skal vekse og utvikle seg. Anarkistar stør derfor direktedemokratiske kollektiv. Delegeringa av makt i hendene på ein minoritet er ei openberr nekting av individuell fridom og sjølvrespekt. I staden for å ta styringa av folk sine saker og gje dei i hendene på andre, vil anarkistane favorisere organisasjonar som minimaliserer autoritet, og held makta (eller rettare sagt: styrken) i botnen, i hendene på dei som er påverka av omfanget av ei kvar avgjersle. I somme situasjonar kan dei godta representantar, men desse må kunne møte med «bunden mandat», og kunne trekkast tilbake og skiftast ut umiddelbart.

Føderalisme