New England Island er ei folketom øy i Essex i England. Det går ein veg over øya med bruer til Foulness og fastlandet via Havengore Island.
Tidlegare vart ho nytta som beitemark for sau og ho er verna frå havet ved hjelp av dike. Øya har tilhøyrd Forsvarsdepartementet i Storbritannia sidan 1915.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «New England Island» frå , den 26. januar 2010.
Kategori:Øyar i Essex