Vårknipe viser til den mangelen på fôr som kan finna stad mot slutten av vinteren og byrjinga av våren, før vekstsesongen har kome i gang. I dag kan ein også bruka omgrepet om matsituasjonen for ville dyr, som også kan ha problem med å finna føde mot slutten av vinteren.

Til forskjell frå ein praksis som sveltefôring var denne hendinga utilsikta, og kunne koma av ein dårleg haust eller ein langvarig vinter. For å hjelpa dyra kunne ein bruka uvanlege fôrtypar, som mose, tang, tare og bork.

Vårknipa kan finna stad i høve der ein berre bruker eigendyrka fôr til husdyr, men blir i dag hindra av kraftfôrbruk og liknande.

Sjå og Borkebrød

Kjelder

Vårknipe i Nynorskordboka

Denne artikkelen bygger på «Vårknipa» frå , den 25. januar 2010.

Kategori:Vinter Kategori:Vår Kategori:Fôr