Sunk Island er ein landsby og eit verdsleg sokn i East Riding of Yorkshire i England. Han ligg 5 km sør for Ottringham og 1,5 km nord for Humber-estuaret. I 2001 hadde landsbyen 224 innbyggjarar.

History mini|venstre|Church Farm.

Sunk Island var opphavleg ein sandbanke i Humber og under regjeringstida til Karl I av England, skal ho ha vore 28 hektar stor og låg 2 km frå fastlandet. Frå 1663 vart landområdet kring øya gradvis drenert og på midten av 1700-talet hadde sundet mellom øya og fastlandet mudra til. Området vart eit sokn i 1831.

Då den første verdskrigen braut ut vart det bygd eit fort på øya.

I dag består busetnaden av ei kyrkje, eit par hus og nokre gardar. Kyrkja er frå 1870-åra.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sunk Island» frå , den 24. januar 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Landsbyar i East Riding of Yorkshire Kategori:Verdslege sokn i East Riding of Yorkshire Kategori:Tidlegare øyar i England Kategori:Polderar