Lavernock er ein landsby i Vale of Glamorgan i det sørlege Wales. Han ligg mellom Penarth og Sully ved Bristolkanalen.

Den 13. mai 1897 sende Guglielmo Marconi, med assistanse frå ingeniøren George Kemp frå postkontoret i Cardiff, det første trådlause radiosignalet over vatn frå Lavernock Point i landsbyen til øya Flat Holm i Bristolkanalen. Meldinga som vart send med morsealfabetet var 'ARE YOU READY' ('er du klar').

mini|venstre|Lavernock Point med Flat Holm i bakgrunnen.

Ved landsbyen ligg Cosmeston Lakes Country Park, ein park med rikt fugleliv og ein rekonstruksjon av ein landsby frå mellomalderen. Det er òg godt turterreng med utsikt til øyane Flat Holm og Steep Holm.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lavernock» frå , den 22. januar 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Landsbyar i Vale of Glamorgan Kategori:Nes i Wales Kategori:Naturreservat i Wales