Sohlmans musiklexikon er eit svensk leksikon for musikk, omtalt som «Nordiskt och allmänt uppslagsverk för tonkonst, musikliv och dans». Første utgåve kom i åra 1948-52 og var i hovudsak innretta på vestleg kunstmusikk (klassisk musikk) og musikkteori. Ei revidert utgåve kom ut frå 1975 og hadde eit breiare opplegg. Der finn ein òg artiklar om folkemusikk, musikk i andre kulturar og om populærmusikk.
I 1977 kom den første utanlandske utgåva av leksikonet ut i Finland. Cappelens musikkleksikon, som kom ut i Noreg frå 1978, byggjer på Sohlmans musiklexikon, men er utvida og tilpassa norske tilhøve.
Utgåver Første utgåve, fire bind. Hovudredaktør Gösta Morin hadde med seg Carl-Allan Moberg og Einar Sundström i hovudredaksjonen. Sohlmans Förlag, Stockholm. Bind 1, 1948 - 1280 spalter Bind 2, 1950 - 1294 spalter Bind 3, 1951 - 1376 spalter Bind 4, 1952 - 1608 spalter Andre utgåve, fem bind. Hovudredaktør Hans Åstrand. Sohlmans Förlag AB, Stockholm (ISBN 91-7198-020-2) Bind 1, 1975 - 704 sider Bind 2, 1975 - 704 sider Bind 3, 1976 - 768 sider Bind 4, 1977 - 896 sider Bind 5, 1979 - 931 sider
Kjelder Denne artikkelen bygde opphavleg på «Sohlmans musiklexikon» frå , den 21. januar 2010.
Cappelens musikkleksikon, J.W. Cappelens Forlag 1978. ISBN 82-02-03690-9
Kategori:Svenske oppslagsverk Kategori:Musikkleksikon