Tore Elias Hoel () er ein norsk lektor, lyrikar og ungdomsbokforfattar frå i Harstad.

Han har skrive seks ungdomsromanar, to diktsamlingar og ein libretto til ein opera for born. Han er utdanna cand. philol. og har undervist i norsk litteratur på universitet, distriktshøgskule og lærarhøgskule og i norsk og historie på vidaregåande skule. Han bur i Bodø og arbeider på Bodø videregående skole.

I intervju har Hoel fortalt at han i diktsamlingane sine prøvde å utvida den politiske lyrikken i ekspresjonistisk retning. Etter ein pause i forfattarskapen begynte han å skriva romanar for ungdom. Desse relativt korte romanane har alle eit avgrensa tidsforløp (handlinga skjer innanfor eitt døgn), og dei tar utgangspunkt i ei kaoskjensle (oppløyste familiar, eit samfunn utan styring) der også sorg og sakn står sentralt. I alle romanane har kunst ein plass, som utveg til å byggja ein ny identitet. Språket i romanane er kortfatta og sakleg.

Hoel skreiv i 2005 librettoen til ein opera for born, Jomfru Rosenving på Santavajasø. Musikken blei laga av Sigmund Lillebjerka. Operaen blei framført i 2005 i Bodø og Mo i Rana.

Hoel sat òg i den nemnda som Språkrådet oppnemnde i januar 2010 for å normere nynorsk. Nemnda avslutta arbeidet sitt i 2011, og resultatet blei Rettskrivinga av 2012.

Bibliografi 1979 – Å fange en hval, Gyldendal Norsk Forlag, (diktsamling) (bokmål) 1981 – Presidentens ro, Gyldendal Norsk Forlag, (diktsamling) (bokmål) 1988 – Verdsmeisteren, illustrert av Bente Rostad, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, nynorsk utgåve) 1988 – Verdensmesteren, illustrert av Bente Rostad, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, bokmålsutgave) 1991 – Eg heiter Pawel, illustrert av Jørgen Blitzner, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, nynorsk utgåve) 1991 - Jeg heter Pawel, illustrert av Jørgen Blitzner, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, bokmålsutgave) 1999 – Fire dagar i Nairobi, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk) 2003 – Glaskula, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk) 2005 – Vinterfilm, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk) 2005 - Jomfru Rosenving på Santavajasø (libretto til barneopera) 2007 - To gutar til Paris, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk)

Prisar 2003 – Blix-prisen

Kjelder Omtale av Tore Elias Hoel i Skrivebua. (Besøkt 18.01.10)

Bakgrunnsstoff

Samlaget sin presentasjon av forfattaren Tore Elias Hoel i NRK Forfatter

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Folk frå Harstad Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1979 Kategori:Vinnarar av Blixprisen