Blakeney Point er ei landtunge av grus på kysten av North Norfolk nord for landsbyen Blakeney i Norfolk i England. OS Explorer Map 24 – Norfolk Coast Central. ISBN 0-319-21726-4 Det vert forvalta av National Trust som ein del av Blakeney naturreservat og er ein del av det særskild vakre naturområde (AONB) Norfolk Coast.
mini|venstre|Vitjingssenteret, ein tidlegare redningsbåtstasjon
Blakeney Point går frå aust til vest ut frå klippene ved Weybourne. Lnadtunga er om lag 15,5 km lang og endrar seg kontinuerleg. Grusen samlar seg i haugar og stundom opp mot 10 meter høg. Det er estimert at det er kring 2,3 millionar kubikkmeter med grus på landtunga.North Norfolk Coast av EM Bridges. The Geographical Association, s. 39 ISBN 1-899085-53-X På vestsida har det òg danna seg sanddyner. Mellom landtunga og resten av kysten ligg det marskland. Landtunga har oppstått som følgje av kystavsetjing og dette er ein prosess som framleis pågår vestover. Vestenden av landtunga har starta å bøye seg sørover mot land.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blakeney Point» frå , den 16. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Geografi i Norfolk Kategori:Nes i England Kategori:Naturreservat i England Kategori:Landtunger Kategori:National Trust-eigedommar