mini|Firth of Forth frå Calton Hill mini|Forth Bridges kryssar fjorden. mini|Satellittbilete av fjorden og området rundt mini|Kart over fjorden mini|Edinburgh-Fife luftputefartøy mini|Ro-Pax-ferja «Blue Star 1» går under Forth Bridge i fjorden på veg frå Rosyth til Zeebrugge.

Firth of Forth (skotsk-gælisk Linne Foirthe) er ein firth eller fjord i Nordsjøen i Skottland mellom Fife i nord og West Lothian, City of Edinburgh og East Lothian i sør. Den indre delen av fjorden vert rekna som estuaret til elva Forth. I romartida vart fjorden kalla Bodotria.

Geografi og økonomi Fjorden vart forma under den siste istida.

I elva kan ein merke tidvatnet heilt opp til Stirling, men generelt vert enden av fjorden rekna for å vere ved Kincardine-brua.

Det ligg mange byar langs kysten, samt eit petrokjemisk industriområde ved Grangemouth, ei kommersiell hamn i Leith, eit tidlegare verft ved Methil som bygde oljeplattformer, skipsopphoggingsverft ved Inverkeithing og eit marineverft ved Rosyth.

Kincardine Bridge, Clackmannshire Bridge og Forth Road Bridge og jerbanebrua Forth Bridge fører trafikk over fjorden.

Det er òg planar om å starte ei luftputebåtrute over fjorden mellom Edinburgh og Kirkcaldy.

Den indre fjorden, mellom bruene Kincardine og Forth, har mista omtrent halvparten av det tidlegare litorale området sitt etter at området vart fylt. Desse områda vert nytta til jordbruk, industri og store oskebasseng med avfall frå kolkraftverket Longannet Power Station nær Kincardine.

Fjorden har status som ein stad av særleg vitskapleg interesse og øyane i fjorden er erklært eit særskilt verneområde med over 90 000 hekkande sjøfugl kvart år. Det er eit fugleobservatorium på Isle of May.

Øyar i Firth of Forth Bass Rock Craigleith Cramond Eyebroughy Fidra Inchcolm Inchgarvie Inchkeith Inchmickery med Cow og Calf The Lamb Isle of May

Busetnader langs kysten Nordsida Aberdour, Anstruther Buckhaven, Burntisland Cellardyke, Crail Culross Dalgety Bay, Dysart Earlsferry, East Wemyss, Elie Inverkeithing Kincardine, Kinghorn, Kirkcaldy Leven, Lower Largo Methil North Queensferry Pittenweem Rosyth St Monans

Sørsida Aberlady, Athelstaneford Blackness, Bo'ness Cockenzie, Cramond Dirleton, Dunbar, Dunglass Edinburgh Fisherrow Grangemouth, Granton, Gullane Inveresk Leith, Longniddry Musselburgh North Berwick Port Edgar, Portobello, Port Seton Prestonpans South Queensferry Whitekirk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Firth of Forth» frå , den 12. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Isle of May fugleobservatorium

Kategori:Fjordar i Skottland Kategori:Ramsarstader i Skottland Kategori:Nordsjøen Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland