Slaget ved Emsdorf vart utkjempa 14. juli 1760 under sjuårskrigen i Emsdorf i dagens Hessen i Tyskland, mellom allierte styrkar frå Storbritannia, Hannover og Hessen under prinsen av Hessen-Kassel, mot tyske troppar i fransk tenesteReginald Savory, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.228, Royal-Bavarière og Anhalt. under Marechal de Camp Glaubitz. Det var ein del av felttoget for å forstyrre den franske kommunikasjonslinja ved å erobra Marburg, som var eit fransk forsyningslager.

Dei allierte styrkane bestod av seks infanteribataljonar frå Hannover og Hessen, nokre jegerar frå Hannover, hussarane til Luckner og britiske dragonar. Den franske styrken bestod av fem infanteribataljonar frå tyske Anhalt, eit husarregiment og nokre lette troppar.

Dei allierte styrkane overraska i starten den franske leiren, medan dei åt lunsj. Dei franske husarane flykta i starten, medan to infanteribataljonar klarte å kome i stilling før dei mottok tett eld frå dei hessiske bataljonane. Glaubitz sende ein bataljonar tilbake til Marburg, medan han prøvde å trekkje seg tilbake til Kirchhain med resten av styrken. Dei fleste fluktvegane vart avskorne av Luckner og dei lette troppane. Dei allierte fanga til slutt 1650 soldatar.

Resultatet vart ein alliert siger, hovudsakleg på grunn av dei britiske lettdragonane, som tok store tap og mista 125 av dei totalt 186 tapte soldatane.Reginald Savory, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.227 Dei klarte derimot ikkje å erobre Marburg, som var målet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Battle of Emsdorf» frå , den 10. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Slaget ved Emsdorf på www.britishbattles.com

Kategori:Franske slag Kategori:Britiske slag Kategori:Slag i sjuårskrigen Kategori:Historia til Hessen