Qatar, offisielt Staten Qatar, er eit suverent land i Sørvest-Asia, på den vesle Qatarhalvøya på nordaustkysten av Den arabiske halvøya. Det einaste grenselandet er Saudi-Arabia i sør medan resten av landet er omringa av Persiabukta. Eit sund i Persiabukta skil Qatar frå den nærliggjande øya og kongedømet Bahrain. I 2013 hadde Qatar 1,8 millionar innbyggjarar: 278 000 qatararar og 1,5 millionar utlendingar.
Etter det osmanske styret vart Qatar eit britisk protektorat tidleg på 1900-talet fram til det fekk sjølvstende i 1971. Qatar har vorte styrt av Al Thani-familien sidan midten av 1800-talet. Qatar er eit absolutt monarki og statsleiaren er emir sjeik Tamim bin Hamad Al Thani. Etter Saudi-Arabia er Qatar det mest konservative samfunnet i Golfrådet sidan dei fleste qatararane fylgjer den strenge wahhabi-tolkinga av islam. Sjaria er hovudgrunnlaget for den qatarske grunnlova.
Qatar er ein høginntektsøkonomi med den tredje største naturgass- oljereserven i verda. Landet har den høgaste inntekta per innbyggjar i verda. Qatar er ein viktig deltakar i den arabiske verda og støtta fleire opprørsgrupper under den arabiske våren både økonomisk og gjennom den globalt utvidande mediagruppa Al Jazeera Media Network. Qatar skal vere vertskap for verdsmeisterskapen i fotball 2022 som det fyrste arabiske landet. Trass i storleiken på landet har Qatar stor makt i verda og vert rekna som ei mellommakt.
Namn Den romerske forfattaren Plinius den eldre var den fyrste som skreiv om innbyggjarane på halvøya, kring midten av det fyrste hundreåret evt. Han kalla dei Catharrei, som kan ha kome frå namnet på ein viktig lokal busetnad. Eit hundreår seinare teikna Klaudios Ptolemaios det fyrste kjende, europeiske kartet som synte halvøya, då kalla Catara. Kartet synte òg ein by kalla «Cadara» aust på halvøya. Omgrepet 'Catara' (eller Cataraei) vart mykje nytta fram til 1700-talet, før 'Katara' vart den vanlege stavinga. I nyare tid er den moderne avleiinga Qatar vorten namnet på landet.
Historie
Antikken mini|Prikkutskjeringar ved Jebel Jassassiyeh, datert til kring 4000 fvt. Ein har funne spor av menneske i Qatar 50 000 år attende. Ein har grave fram busetnader og reiskap frå steinalderen på halvøya.Toth, Anthony. «Qatar: Historical Background.» A Country Study: Qatar (Helen Chapin Metz, editor). Library of Congress Federal Research Division (January 1993). Denne artikkeklen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige. Ein har funne mesopotamiske lekamar frå Ubaid-perioden (ca. 6500–3800 fvt.) i ein fråflytta kystbusetnad. Al Da'asa, ein busetnad på nordaustkysten av Qatar, er den viktigaste Ubaid-staden i landet, og ein trur at han har vore ein sesongbasert leir.
Ein har funne kassitt-babylonske stoff daterte attende til det andre tusenåret fvt. på Al Khor-øyane som syner at det har vore handel mellom Qatar og kassittane i dagens Bahrain. Blant funna er 3 000 000 knuste snigelskal og kassittiske potteskard. Ein trur at Qatar kan ha vore ein av dei tidlegare kjende stadene der ein dreiv med farging ved hjelp av skaldyr, sidan det fanst ein kassittisk purpurfargeindustri på kysten her.
I 224 evt. fekk Sasanideriket kontroll over områda kring Persiabukta. Qatar spelte ei rolle i handelsaktiviteten til sasanidane, dit dei kom med to varer: dyrverdige perler og purpurfarge. Under sasanidane vart mange av innbyggjarane i Aust-Arabia introduserte for kristendom etter at mesopotamiske kristne spreidde religionen austover. Det vart bygd kloster og busetnader i denne tida.Habibur Rahman, s. 33 Under den siste delen av den kristne perioden utgjorde Qatar ein region kalla 'Beth Qatraye' (gammalsyrisk for «Qatar-regionen»). Regionen var ikkje avgrensa til Qatar, men omfatta òg Bahrain, Taroutøya, Al-Khatt og Al-Hasa.
I 628 sende Muhammed eit muslimsk sendebod til ein herskar i Aust-Arabia kalla Munzir ibn Sawa Al Tamimi og bad om at han og undersåttane hans underla seg islam. Munzir batt seg til dette og dei fleste arabiske stammene i regionen gjekk så over til islam. Etter islam kom til området leia arabarane den muslimske erobringa av Persia som førte til at Sasanideriket fall.
Den islamske tida (661–1253) mini|Abbasidekalifat på sitt største, kring år 850. Qatar vart skildra som eit kjent avlssenter for hestar og kamelar under omajadane. På 700-talet byrja halvøya å nyte godt av den kommersielt strategiske plasseringa i Persiabukta og vart eit senter for perlehandel.
Det skjedde ei stor utvikling i perleindustrien kring Qatarhalvøya under abbasidane. Skip frå Basra til India og Kina stoppa i hamnene i Qatar i denne tida. Ein har funne kinesisk porselen, vestafrikanske myntar og lekamar frå Thailand i Qatar. Arkeologiske funn frå 800-talet tyder på at innbyggjarane i Qatar brukte av velstanden sin til å byggje heimar og offentlege bygg av høg kvalitet. Over 100 hus av stein, to moskear og eit abbasidefort vart bygde i Marwab på denne tida. Då det gjekk nedover med kalifatet i Irak, skjedde det same i Qatar. Qatar er nemnd på 1200-talet i boka Mu'jam Al-Buldan av den muslimske lærde Yaqut al-Hamawi, der han nemner dei fine, stripete og vovne kappene og at dei var flinke til å lage spyd.
Det meste av Aust-Arabia vart kontrollert av usfuridane i 1253, men prinsen av Ormus tok over kontrollen av regionen i 1320. Perlene til Qatar var ei av dei viktigaste næringane i kongedømet. I 1515 gjorde Manuel I av Portugal kongedømet Ormus til ein vasall. Portugal hærtok store delar av Aust-Arabia i 1521. I 1550 la innbyggjarane i Al-Hasa seg friviljug under osmanane, sidan dei føretrekte dei føre portugisarane. Osmanarane hadde lita militærmakt i området og vart drivne bort av Bani Khalid-stamma i 1670.
Al Khalifa og saudiarabisk styre (1783–1868) mini|Eit kart over Aust-Arabia i 1794. I 1766 flytte Utub-stamma frå Al Khalifa-familien frå Kuwait til Zubarah i Qatar.'Gazetteer of Persiabukta. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' (1155/1782), s. 1001 Då dei kom fram hadde Bani Khalid ei svak makt over halvøya, om ein ser bort frå at den største landsbyen vart styrt av ein fjern slektning av Bani Khalid. I 1783 hærtok dei Qatar-baserte Bani Utbah-klanane og allierte arabiske stammer Bahrain frå persarane og la Bahrain under seg. Al Khalifa tok makta over Bahrain og strekte området sitt til Qatar.
mini|Ein delvis restaurert del av ruinbyen Zubarah. Etter at Saud ibn Abd al-Aziz vart teken i eid som kronprinsen av Wahhabi i 1788, utvida han riket sitt austover, til Persiabukta. Etter å ha slege Bani Khalid i 1795, vart wahhabistane åtekne på to frontar. Osmanane og egyptarane gjekk til åtak i vest, medan Al Khalifa i Bahrain og osmanane gjekk til åtak i aust. Då han vart klår over at egyptarane rykte fram på vestfronten i 1911, flytte wahhabi-emiren soldatar frå garnisonane sine i Bahrain og Zubarah. Said bin Sultan av Flugat nytta dette høvet og gjekk til åtak på wahhabi-garnisonane på austkysten og sette fortet i Zubarah i brann. Al Khalifa tok over makta etter dette.
Som straff for sjørøvarverksemd bombarderte eit fartøy frå Det britiske austindiske kompaniet Doha i 1821, øydela byen og tvinga hundrevis av innbyggjarar på flukt. Innbyggjarane var ikkje trygge på kva som var årsaka til åtaket, og på grunn av dette dukka det opp qatarske opprørsgrupper som kjempa mot Al-Khalifa og søkte sjølvstende. I 1825 vart huset Thani oppretta med sjeik Muhammed bin Thani som den fyrste leiaren.
Sjølv om Qatar hadde ein offentleg status som usjølvstendig, mislikte folket stort sett Al Khalifa. I 1867 sende Al Khalifa, i lag med herskaren av Abu Dhabi, ein stor marinestyrke til Al Wakrah for å slå ned eit qatarsk opprør. Dette førte til den maritime qatarsk-bahrainske krigen i 1867–1868, der bahrainarane og styrkane frå Abu Dhabi plyndra Doha og Al Wakrah. Dei bahrainske kampane var derimot eit brot på avtala Bahrain hadde med engelskmennene sidan 1820. Det felles åtaket, i tillegg til eit qatarsk motåtak, fekk den britiske politiske agenten Lewis Pelly til å tvinge fram ein fred i 1868. Oppdraget til Bahrain og Qatar og den påfylgjande freden vart rekna som milepålar fordi dei godtok at Qatar var fråskild Bahrain og godkjende makta til Muhammed bin Thani. I tillegg til at britane kritiserte Bahrain for å ha brote avtala, bad det britiske proktektoratet om ei tinging med ein representant frå Qatar, ei rolle som Muhammed bin Thani vart vald til. Resultatet av tingingane gjorde at nasjonen fekk ei kjensle av politisk identitet, sjølv om det ikkje fekk ein offisiell status som protektorat før 1916.
Osmansk styre (1871–1915) mini|Qatar på eit kart frå 1891 av Adolf Stieler. Under militært og politisk press frå guvernøren i det osmanske vilayetet Bagdad, Midhat Pasha, underla den regjerande Al Thani-stamma seg osmansk styre i 1871. Den osmanske styresmakta innførte reformer (Tanzimat) som omhandla skatt og landregistrering for å fullt ut innleme desse områda i riket sitt. Trass i stor misnøye hjå lokale stammer, støtta Al Thani det osmanske styret. Tilhøvet mellom osmanane og qatararane stagnerte snøgt og i 1882 leid dei nok eit tilbakeslag då osmanane nekta å støtte Al Thani i toktet hans mot det Abu Dhabi-okkuperte Al Khor. I tillegg støtta osmanane Muhammed bin Abdul Wahab, som òg var underlagd osmanane, i freistnaden hans på å få bort Al Thani som kaymakam i Qatar i 1888.Habibur Rahman, pgs.143–144 Dette førte til slutt at Al Thani gjorde opprør mot osmanane, som meinte han prøvde å rive til seg makta. Han trekte seg som kaymakam og stogga å betale skatt i august 1892.Habibur Rahman, pgs.150–151
I februar 1893 kom Mehmed Hafiz Pasha til Qatar for å inndra dei ubetalte skattane og stoppe motstanden til Jassim bin Muhammed mot dei framlagde administrative reformene til osmanane. Jassim frykta dødsstraff eller fengsel og trekte seg attende til Al Wajbah (15 km vest for Doha), i lag med fleire stammemedlemer. Kravet til Mehmed om at Jassim skulle oppløyse troppane sine og gje lovnad om lojalitet til osmanane vart blankt avvist. I mars fengsla Mehmed broren til Jassim og 13 viktige, qatarske stammeleiarar på den osmanske korvetten «Merrikh» som straff for at Jassim ikkje bøygde seg. Etter at Mehmed avslo eit tilbod om å sleppe fri fangane for ei betaling på 10 000 lire, gav han 200 soldatar ordre om å rykkje fram til Al Wajbah-fortet, kommandert av Yusuf Effendi, der Jassim var, og signaliserte starten på slaget ved Al Wajbah.
Soldatane til Effendi hamna under kraftig kanoneld av ein større tropp med qatarsk infanteri og kavaleri kort tid etter dei kom til Al Wajbah. Dei trekte seg attende til festninga Sjebaka, der dei igjen trekte seg bort frå eit qatarsk åtak. Etter at dei kom til Al Bidda-festninga, klarte Jassim å kringsetje festninga, og osmanane overgav seg og vart samde om å sleppe fangane fri mot at kavaleriet til Mehmed Pasha fekk dra trygt til Hofuf landvegen.Habibur Rahman, s. 152 Sjølv om Qatar ikkje fekk fullt sjølvstende frå Det osmanske riket, tvinga slaget fram ei avtale som seinare danna grunnlaget for at Qatar vart eit sjølvstyrt land i riket.
Britisk protektorat (1916–1971) Det osmanske riket fall saman etter at dei tapte slag på fleire frontar under den fyrste verdskrigen. Qatar tok del i det arabiske opprøret mot osmanane. Opprøret vart ein suksess og det osmanske styret i landet vart endå meir svekt. Storbritannia og Det osmanske riket godtok retten til sjeik Abdullah bin Jassim Al Thani og etterkomarane hans over heile Qatarhalvøya. Osmanane sa opp alle rettane sine til Qatar og etter den fyrste verdskrigen braut ut, tvinga Abdullah bin Jassim Al Thani (som støtta britane) osmanane ut av Doha i 1915.
mini|Gamlebyen i Doha, januar 1904.