Erling Kaas () var ein norsk stavhoppar frå Idrettsklubben Tjalve.
Under sommar-OL 1948 kom han på 4. plass I stavhoppkonkurransen med eit hopp på 4,10 meter. Under sommar-OL 1952 fullførte han på 6. plass med 3,80 m. Kaas kom på fjerde plass under EM i 1946 og 5. plass i 1950, begge gongene med resultatet 4,10 m.Norske utøvere i EM hjå Norges friidrettsforbund. Han vann noregsmeisterskapen i 1939 og 1946-1952.Norsk mesterskap i stavsprang hjå Norges friidrettsforbund.
Medaljar i norske meisterskap 1937: Bronsemedalje - 3,40 m 1938: Bronsemedalje - 3,70 m 1939: Gullmedalje – 4,00 m, framom Michael Salomonsen (3,80 m) 1946: Gullmedalje – 4,21 m, framom Wilhelm Carlsen (3,70 m) 1947: Gullmedalje – 4,05 m, framom Audun Bugjerde (3,50 m) 1948: Gullmedalje – 4,13 m, framom Audun Bugjerde (3,60 m) 1949: Gullmedalje – 4,15 m, framom Audun Bugjerde (3,75 m) 1950: Gullmedalje – 4,03 m, framom Andreas Larsen (3,40 m) 1951: Gullmedalje – 4,00 m, framom Andreas Larsen (3,60 m) 1952: Gullmedalje – 3,80 m, framom Erik Riis (3,50 m)
Den personlege rekorden hans, som han oppnådde i juli 1948 på Bislett stadion, var på 4,31 m.Norsk liste over stavsprang gjennom tidene hjå Norges friidrettsforbund.
Kjelder «Erling Kaas» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 30. desember 2009.
Notar
Kategori:Norske stavhopparar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Noregsmeistrar i friidrett