Sandwich Bay er ei lang bukt mellom Ramsgate og Deal i Kent i England. Kystområdet består av sandflater, marskland og sanddyner. Sandlatene er kjend som Sandwich Flats, og strekkjer seg om lag 8 km langs kysten. Sanddynesystemet her er særleg representative for si form. Embryonic shifting dunes. jncc.gov.uk

Bukta er del av naturområdet «Sandwich and Hacklinge Site of Special Scientific Interest», som mellom anna omfattar Sandwich Bay fugleobservatorium og Monk's Wall naturreservat, og er ein del av National Trust-området «White Cliffs of Dover».«Points of interest at White Cliffs» ved nationaltrust.org.uk

mini|«Shingle End» med utsyn over havet. Strendene i Sandwich Bay har hovudsakleg grus og mudder, og er fleire stader forholdsvis bratte. I nordenden av stranda er Sandwich Bay fråskild Isle of Thanet av elveestuaret til Stour, der ein finn Pegwell Bay naturreservat og marskland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sandwich Bay» frå , den 18. desember 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Sandwich Bay fugleobservatorium

Kategori:Bukter i England Kategori:Geografi i Kent