Eit bevart grevskap er eit seremonielt område i Wales. Det finst åtte slike område, som er basert på 1974-grensene for dei administrative grevskapa.
Bevarte grevskap i WalesGwent South Glamorgan Mid Glamorgan West Glamorgan Dyfed Powys Gwynedd Clwyd Kart over dei bevarte grevskapa i Wales
I 1996 (etter lov om lokalstyre i Wales av 1994) vart dei åtte administrative grevskapa i Wales avskaffa og erstatta av bevarte grevskap. Desse følgjer nesten nøyaktig 1974-grensene.
Kvart av grevskapene omfattar frå eitt til fem administrative område. Med unntak av Powys, som berre har eitt område, fungerer dei berre som seremonielle grevskap som omfattar fleire grevskapsdistrikt og byar som kvar for seg vert styrt som sameinte styresmakter.
Dei bevarte grevskapa med administrative område er:
Clwyd - Conwy, Denbighshire, Flintshire, Wrexham Dyfed - Carmarthenshire, Ceredigion, Pembrokeshire Gwent - Blaenau Gwent, Caerphilly, Torfaen, Monmouthshire, Newport Gwynedd - Anglesey, Gwynedd Mid Glamorgan - Bridgend, Merthyr Tydfil, Rhondda Cynon Taff Powys - Powys South Glamorgan - Cardiff, Vale of Glamorgan West Glamorgan - Neath Port Talbot, Swansea
Sjå òg Hovudområde i Wales Distrikt i Wales
Kategori:Wales