mini|Inngangen til Høgsterett. mini|Høgsteretts segl frå 1815 Noregs Høgsterett er øvste domstolen i det norske rettssystemet, og har heile Noreg som sitt verkeområde.

Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 vart talet auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.

Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin § 88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans». Noverande høgsterettsjustitiarius er Toril Marie Øie.

Medlemmer Høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie, f. 1960 i Oslo, tiltredde 1. mars 2016 (tiltredde som dommar 1. august 2004)

Dommarar Jens Edvin A. Skoghøy, f. 1955 i Tromsø, tiltredd 15. august 1998 Hilde Indreberg, f. 1957 i Oslo, tiltredd 1. april 2007 Arnfinn Bårdsen, f. 1966 i Stavanger, tiltredd 1. juli 2008, i permisjon frå 2019 til 2028 Bergljot Webster, f. 1966 i Oslo, tiltredd 15. august 2009. Wilhelm Matheson, f. 1955 i Oslo, tiltredd 1. november 2009. Aage Thor Falkanger, f. 1965 i Oslo, tiltredd 1. mai 2010 Kristin Normann, f. 1954 i Oslo, tiltredd 9. august 2010 Ragnhild Noer, f. 1959 i Oslo, tiltredd 1. oktober 2010 Henrik Bull, f. 1957 i Oslo, tiltredd 17. januar 2011 Knut H. Kallerud, f. 1956 i Kongsberg, tiltredd 16. juli 2011 Per Erik Bergsjø, f. 1958 i Levanger, tiltredd 1. mars 2012 Arne Ringnes, f. 1955 i Oslo, tiltredd 18. august 2014 Wenche Elizabeth Arntzen, f. 1959 i Oslo, tiltredd 29. september 2014 Ingvald Falch, f. 1963 i Bærum, tiltredd 1. september 2015 Espen Bergh, f. 1961 i Oslo, tiltredd 15. august 2016 Cecilie Østensen Berglund, f. 1971 i Bærum, tiltredd 1. januar 2017 Borgar Høgetveit Berg, f. 1970, oppvaksen i Ål i Hallingdal, tiltredd 1. mai 2017 Erik Thyness, f. 1961 i Oslo, tiltredd 1. mai 2019 Kine Elisabeth Steinsvik, f. 1976 i Sandnessjøen, tiltredd 5. august 2019 Knut Erik Sæther, f. 1970 i Drammen, tiltredd 1. oktober 2021

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Norges Høyesterett» frå , den 14. desember 2009. oppgav desse kjeldene: Tidsskrift for rettsvitenskap 1945: «Norges Høyesterett 21 desember og 14 mai 1945» Nils Rune Langeland: Siste ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1965. Bind I, 1814–1905, Cappelen, Oslo 2005 Erling Sandmo: Siste ord. Høyesterett i norsk historie 1814–1965. Bind II, 1905–1965, Cappelen, Oslo 2005

Bakgrunnsstoff

Noregs Høgsterett Nyare høgsterettsavgjersler ved Lovdata

Kategori:Skipingar i 1815 Kategori:Norsk rett Kategori:Høgsterettar Kategori:Noregs Høgsterett Kategori:Domstolar i Noreg