Gisborne District (maori Te Tai Rāwhiti) er ein region (sameint styresmakt) på New Zealand. Den største busetnaden, som også ber namnet Gisborne, ligg på austkysten, i den nordlege enden av Poverty Bay.

Byen og distriktet Gisborne har fått namn etter ein tidlegare koloniminister på New Zealand, William Gisborne. Regionstyret har setet sitt i byen Gisborne, og utfører her i tillegg også funksjonane til eit distriktsstyre (territorial authority).

Geografi

Regionen ligg i det nordaustlege hjørnet til Nordøya og er også omtalt som «East Cape», «East Coast» eller «Eastland Region». Det er ein spreidd busett og isolert region, med små busetnadar som stort sett ligg langs den austlege kystlinja, mellom desse Tokomaru Bay og Tolaga Bay. Folketalet i regionen er i underkant av , og nesten tre fjerdedeler av desse bur i byen. Ingen andre busetnader i regionen har ein innbyggjartal på meir enn 1 000 menneske. Dei største av dei andre busetnadane er Tolaga Bay og Ruatoria, begge med eit innbyggjartal på vel 800 i 2001.

Innover i landet er terrenget ulendt, for det meste skogkledd åslandskap. Nasjonalparken Te Urewera National Park ligg vest i regionen, og skogområdet Kaingaroa Forest vest for denne att. Ein ulendt åskam dominerer midtpartiet i regionen, og kulminerer i det imponerande 1620 meter høge Hikurangi-fjellet nordaust i regionen. Dette fjellet er det femte høgaste på Nordøya, og det høgaste som ikkje er ein vulkan. Det vert sett på som heilagt av maoriane, og påstandane om at dette er det første fjellet der sola skin om sommaren, kan forsvarast.

Folkesetnad mini|venstre|Te Mana-o-Turanga, maorimøtehus med utskjeringar av Raharuhi Rukupo. mini|venstre|Kartet viser folketettleiken i Regionen Gisborne ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Folkesamansetjinga i regionen viser ein større del maoriar enn gjennomsnittleg i landet - over 50 % i somme område - og der er enno sterke band både til maorikulturen og samfunnsstrukturen med iwiar og marae-stader. Dei største iwiane i regionen er Ngāti Porou, Rongowhakaata, Ngai Tamanuhiri og Te Aitanga a Mahaki.

Jordskjelvet i 2007 Klokka 20:55 lokal tid den 20. desember 2007 vart Gisborneregionen råka av eit jordskjelv med styrke 6,8 på Richterskalaen, med sentrum i Hikurangi Trench, 50 km søraust for Gisborne med ei djupn på 40 km. Jordskjelvintensitet på 7-8 etter Mercalliskalaen vart registrerte, det tre bygningar i sentrum av byen fall saman, og andre fekk ein del strukturelle skadar. Det vart rapportert eit dødsfall (ei eldre kvinne fekk eit hjarteatakk under skjelvet) og ein del mindre skadar.Quake damage extensive as massive clean-up begins - 21 Dec 2007 - NZ Herald: New Zealand National news

Vêrlag Eit maorinamn på Gisborneregionen er Tairawhiti - 'solskinnskysten'. Regionen ligg i ly av høgland mot vest, og har eit turt og solrikt vêrlag. Gjennomsnittleg er der årleg 2 200 soltimar. Den årlege nedbøren varierer frå kring 1000 mm nær kysten, til meir enn 2500 mm i det høgareliggjande innlandet.Gisborne Weather at gisbornenz.co.nz Det kjem frost fleire gonger kvar vinter.

Det milde vêrlaget i Gisborne gjer, saman med det fruktbare jordsmonnet, dette området til ein ideell stad for dyrking av mais, druer, sitrusfrukter, kiwifrukt og andre subtropiske frukter.Gisborne Weather at nzs.com

+ 30px Klimatabell: Gisborne 25px Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov DesÅr Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 24,9°C77°F24,2 °C76 °F22,6 °C73 °F19,9°C68 °F17,1 °C63 °F14,7 °C58 °F14,1 °C57 °F14,9 °C59 °F16,8 °C62 °F19,0 °C66 °F21,3 °C70 °F23,3 °C74 °F19,5°C 67°F Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 13,6°C56°F13,6 °C56 °F12,2 °C54 °F9,6 °C49 °F6,9 °C44 °F5,3 °C42 °F4,6 °C40 °F5,4 °C42 °F6,8°C44 °F8,6 °C47 °F10,5 °C51 °F13,3 °C54 °F9,1°C48°F Gjennomsnittleg total nedbør 54 mm2,13 "78 mm3,07 "99 mm3,9 "103 mm4,06 "97 mm3,82 "125 mm4,92 "119 mm4,69 "93 mm3,66 "101 mm3,98 "63 mm2,48 "65 mm2,56 "67 mm2,64 "1050 mm41,34 " Kjelde: Niwa Science climate data

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gisborne Region» frå , den 8. desember 2009.

Bakgrunnsstoff

Gisborne Gisborne