Ole Sæther () var ein norsk skyttar frå Steinkjer som var aktiv tidleg på 1900-talet. Han tok til saman fire medaljar i tre forskjellige OL.
Karriere Under sommar-OL i Paris i 1900 var han med på laget som tok den første lagmedaljen til Noreg under eit OL. Øvinga var armégevær, og på sølvlaget deltok forutan Sæther, Ole Østmo, Hellmer Hermandsen, Olaf Frydenlund og Tom Seeberg.
Åtte år seinare under Sommar-OL i London 1908 tok han gullmedalje i lag, frigevær, og bronse individuelt 300 m frigevær. I Stockholm-OL 1912 tok han sin fjerde medalje, òg denne gongen var det sølv, og øvinga var lag, frigevær.
OL-medaljar 1908 London - Gull Gull i skyting, 300 m rifle, 3 stillingar, lagskyting 1900 Paris - Sølv Sølv i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar, lagskyting 1912 Stockholm - Sølv Sølv i skyting, 300 m rifle, lagskyting 1908 London - Bronse Bronse i skyting, 300 m rifle, 3 stillingar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ole Sæther» frå , den 6. desember 2009.
Kategori:Norske skyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1900 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1900 Kategori:Skyttarar under sommar-OL 1900 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1908 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1908 Kategori:Skyttarar under sommar-OL 1908 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1912 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1912 Kategori:Skyttarar under sommar-OL 1912 Kategori:Folk frå Steinkjer