Emil Zátopek () var ein tsjekkisk friidrettsutøvar (langdistanseløpar) som representerte Tsjekkoslovakia. I 1954 vart han den første som sprang 10 000 meter under 29 minutt.
Zátopek vann 10 000 meter under OL 1948 i London, og fekk sølv på 5000 meter.
Dei neste åra sette han fleire verdsrekordar på distansar frå 5000 meter opp til 30 km. Den største sesongen hadde Zátopek i 1952, då han vann tre gull i Helsingfors-OL, på 5000 meter, 10 000 meter og i maraton.
Etter 1968 engasjerte han seg i demokratiseringsrørsla, men vart deretter straffa og måtte arbeide i ei urangruve.
Han var gift med Dana Zátopková, òg ein kjend tsjekkisk sportsutøvar, deltakar ved OL 1948.
OL-medaljar 1948 London - Gull Gull i friidrett, 10 000 meter 1952 Helsingfors - Gull Gull i friidrett, 5 000 meter 1952 Helsingfors - Gull Gull i friidrett, 10 000 meter 1952 Helsingfors - Gull Gull i friidrett, maraton 1948 London - Sølv Sølv i friidrett, 5 000 meter
EM-medaljar 1950 Brussel - Gull Gull i friidrett, 5 000 meter 1950 Brussel - Gull Gull i friidrett, 10 000 meter 1954 Bern - Gull Gull i friidrett, 10 000 meter 1954 Bern - Bronse Bronse i friidrett, 5 000 meter
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emil Zátopek» frå , den 5. desember 2009.
World Athletics
Kategori:Tsjekkiske langdistanseløparar Kategori:Tsjekkiske maratonløparar Kategori:Olympiske meistrar for Tsjekkoslovakia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956