Thorbjørn Henry Lie-Jørgensen () var ein norsk målar og brukskunstnar (gullsmed).

Liv og gjerning Lie-Jørgensen var fødd i Svelvik i Vestfold, der far hans var seglmakar. Lie-Jørgensen vart utdanna ved Statens kunstakademi og Statens handverks- og kunstindustriskule. Frå 1939 var han lærer på den sistnemnde institusjonen.

Som nyutdanna gullsmed arbeidde Lie-Jørgensen for firmaet David-Andersen i Oslo i fleire tiår. Han laga altarsølv til kyrkjer både i Heddal, og kyrkjene Ris og Røa. Då Oslo kommune utlyste tevling til sølvutstyr i Oslo rådhus vann Lie-Jørgensen.

Biletkunstnaren Lie-Jørgensen måla fargesterke landskapsbilete, ofte med motiv frå Sørlandet. Måleria hans fekk mest merksemd på 1940-talet. Han laga også mange akvarellar.

Lie-Jørgensen døydde i Oslo.

Verk (måleri) Vår (1942) Sjøbuer og båter (1946) Fjelldalsøya (1947) Havet (1950) Andersenholmen (1959)

Kjelder

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Svelvik