Yorkshire og Humber (Yorkshire and the Humber) er ein av regionane i England. Han dekkjer det meste av det tradisjonelle grevskapet Yorkshire og den nordlege delen av Lincolnshire som tidlegare høyrte til Humberside.
Regionen heitte opphavleg Yorkshire og Humberside, men etter at Humberside vart oppløyst vart namnet endra. Namnet kjem frå det tradisjonelle grevskapet som dekkjer det meste av regionen og elva Humber som renn gjennom han.
Regionen består av følgjande grevskap og einskaplege styresmakter:
Sheffield Rotherham Doncaster Barnsley Wakefield Kirklees Calderdale Bradford Leeds North Yorkshire York East Riding of Yorkshire Kingston upon Hull North Lincolnshire North East LincolnshireFil:EnglandYorkshireHumberNumbered.png
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i England