Ola Torgeir Lånke () i Rennebu) er ein tidlegare norsk stortingsrepresentant (KrF) og prest. Han har graden cand.theol. frå Menighetsfakultetet 1977.

Han blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag i 1993. Lånke fråsa seg gjenval i 2009. I si tid på Stortinget har Lånke arbeidd lengst og mest med kultur- og mediaspørsmål. Han var saksordførar for ulike saker som ABM-meldinga (arkiv, bibliotek og museum), for Operasaka i fleire omgangar, opprettinga av Digitalt bakkenett for fjernsyn og utflytting av statlege tilsyn mfl.

Før han blei vald til Stortinget, var han stiftskapellan med ansvar for personalspørsmål i Nidaros bispedømme. Han var medlem av Trondheim bystyre 1991–1993 (varamedlem 1987–1991). Frå 1975–76 var han leiar i KrFU. Han er gift med Berit Lånke, dagleg leiar for Nidaros Pilegrimsgård. Berit Lånke har òg presteutdanning og har vore nemnd ved fleire bispenominasjonar.

Lånke søkte i 2010 stillinga som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men sjølv om han av nokre blei rekna som favoritt, fekk han ikkje denne posten da utnemninga fann stad 10. juni 2011.

Han var ordførar i Rennebu kommune frå 2011 til 2015.

Stortingets presidentskap 2006–2009 visepresident i Lagtinget

Medlemskap i regjering 1990: Politisk sekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet

Stortingskomitéar 2006-2009 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomitéen 2006-2009 medlem av Den utvida utanrikskomitéen 2005–2006 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen 2001–2005 varamedlem av Valkomitéen 1997–2001 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen 1993–1997 sekretær i Kommunalkomitéen

Kjelder Biografi på nettstaden til Stortinget

Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Rennebu Kategori:KrF-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Leiarar i KrFU Kategori:Folk frå Rennebu