Irun (gammalbaskisk for 'festningsby', spansk Irún) er ein by i provinsen Gipuzkoa i Baskarland i Spania. Irun er den gamle baskiske romarbyen Oiasso.
Han er ein av dei største byane i Guipuscoa med om lag 60 000 innbyggjarar og er ein grenseby nær grensa til Frankrike. Dette har gjort byen til eit kommersielt og logistisk senter og eit viktig jernbaneknutepunkt.
Irun er ein del av eit byområde ved Txingudi-bukta i lag med Hondarribia og Hendaye.
Ein av dei største festivalane i byen er Alarde, ein parade som gjenskapar ein episode frå den spanske sjølvstendekrigen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Irun» frå , den 30. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Baskarland Kategori:Busetnader grunnlagde i 1776