Marbella er ein by i Andalucía i Spania ved Middelhavet i provinsen Málaga. Byen har kring 160 000 innbyggjarar.

Marbella og den nærliggande Puerto Banús er viktige feriestader med strender på Costa del Sol. Byen er kjend som feriestad for rike og kjende. Dei siste åra har rykte til Marbella vorte dårlegare på grunn av korrupsjonsskandalar hos dei lokale styresmaktenehttp://www.wsws.org/articles/2006/oct2006/spai-o17.shtml og band til organisert kriminalitet.http://www.surinenglish.com/20080925/news/costasol-malaga/british-citizen-injured-third-200809251159.html

Området rundt Marbella er særleg populært for folk som likar golf.

venstre|mini|Ruinar av ei romersk bru i Marbella. mini|venstre|Ein del av strandpromenaden i Marbella.

Historie Det er gjort arkeologiske funn i fjella rundt Marbella som viser at det har vore busetnad her sidan yngre steinalder. Her er òg funn frå fønikarane og seinare kartagarar. I romartida vart byen kalla Salduba.

Under det islamske styret, bygde muslimane ei borg i byen, som dei omringa med murar. Namnet Marbella kjem frå Marbil-la og denne islamske perioden. Oppdagaren Ibn Battuta skildra byen som «ein liten, vakker by i eit frodig distrikt». I 1485 erobra spanjolane byen og byen voks dei neste hundreåra.

I 1940-åra var Marbella berre ein liten landsby med kring 900 innbyggjarar. Dette endra seg raskt då fyrst Max Egon zu Hohenlohe-Langenburg og arvingen hans Alfonso de Hohenlohe opplevde problem med Rolls-Royce-bilen sin i nærleiken. Det første møtet deira med Marbella imponerte Alfonso så mykje at kjøpte landområde her for å starte turistverksemd. I 1954 opna han Marbella Club Hotel. Sidan Alfonso høyrte til adelen i Europa trekte hotellet raskt til seg den herskande eliten i Europa og dei som sosialiserte med dei.

I 1980-åra var Marbella framleis ein jet set-destinasjon, men i 1987 fekk byen negativt fokus då Melodie Nakachian og den koeranske songaren Kimera vart kidnappa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marbella» frå , den 28. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Andalucía Kategori:Turisme i Spania