thumb|Satellittbilde av Amund Ringnes' øy. Amund Ringnes' øy (engelsk Amund Ringnes Island) er ei av Sverdrupøyane i arktisk Canada. Øya har eit flateinnhald på 5 255 km² og er folketom.

Øya vart kartlagd under Otto Sverdrup sin «Fram»-ekspedisjon mellom 1898 og 1902, og fekk namn etter Amund Ringnes, ein norsk bryggerieigar som var med på å finansiere ekspedisjonen. Naboøya Ellef Ringnes' øy har namn etter broren Ellef Ringnes. Noreg gjorde krav på desse øyane frå 1902, eit krav som vart fråfalle i 1930.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amund Ringnes' øy» frå , den 18. oktober 2009.

Kategori:Øyar i Nunavut Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Stader kalla opp etter nordmenn