Skare kyrkje står i bygda Skare i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei lafta langkyrkje frå 1926.
Bygget vart ført opp etter teikningar laga av Olaf Nordhagen. Kyrkja er soknekyrkje i Skare sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja. Før dei fekk kyrkja på Skare sokna folk i området til Odda kyrkje, og i eldre tid kunne ei kyrkjeferd ta tre dagar for dei som budde lengst unna Odda-kyrkja.
Inventaret i kyrkja er frå byggeåret eller seinare. Altertavla har Jesu oppstode som motiv og er måla av Moritz Kaland. Snikkararbeidet på tavla er gjort av Johannes Kinsarvik.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Skare sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Odda kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Ullensvang Kategori:Olaf Nordhagen Kategori:Norske kyrkjer frå 1926 Kategori:Kulturminne i Ullensvang