Tschingelhorn (3562 m) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Kantongrensa mellom Bern og Valais går over fjelltoppen. Fjellet er elles med i verdsarvområdet som vart oppretta kring Jungfrau og Aletschgletscher.
Heinrich Feuz, W. H. Hawker, Christian Lauener og Ulrich Lauener var dei første som nådde toppen av fjellet, den 6. september 1865.
Ymse Briten W.A.B. Coolidge sin hund Tschingel, som elles var ei gåve til Coolidge frå den sveitsiske fjellføraren Christian Almer, var oppkalla etter fjellet Tschingelhorn. Hunden, ei tispe, var med på elleve fyrstebestigingar i Alpane og gjennomførte 66 såkalla grandes courses, storturar. Hunden vart føreslått til æresmedlem av Alpine Club, noko som vart avvist med tilvising til kjønn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tschingelhorn» frå , den 7. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
The Tschingelhorn på SummitPost
Kategori:Bern-Alpane Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern Kategori:Fjell i Valais