Wetterhorn er eit 3 692 meter høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits, nær landsbyen Grindelwald. Fjellet vart klatra fyrste gongen i 1844. Ti år seinare klatra Alfred Wills med fylgje til topps. Denne klatreturen har britiske fjellturistar rekna som innleiinga til den britiske alpinismens gullalder.
Fjellmassivet har tre nærståande toppar: Wetterhorn (mest iaugefallande frå Grindelwald), Mittelhorn (høgst) og Rosenhorn.
Ymse Frå 1908 arbeidde ein med å byggje verdas fyrste kabelbane, meint for persontrafikk, til Wetterhorn. Arbeidet stoppa opp i 1915, under 1. verdskrigen. Det vart aldri teke opp att. Winston Churchill var på toppen i 1894.
Bakgrunnsstoff Denne artikkelen bygger på «Wetterhorn» frå , den 6. oktober 2009.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern