Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) var ein middels stor norsk høgskole med omkring 3700 studentar og 300 tilsette, og studiestader i Sogndal og Førde.

HiSF, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen gjekk i 2016 inn for å slå seg saman. Den samanslåtte Høgskolen på Vestlandet blei oppretta 1. januar 2017.regjeringen.no

Høgskulen i Sogn og Fjordane blei skipa 1. august 1994. Han var eit resultat av at fire statlege høgskular i Sogndal, Førde og Sandane blei slått saman som ein del av Høgskolereforma i 1994. I tillegg til dei fire høgskulane blei Spesialpedagogikkutdanninga på Sandane (skipa 1981 og i regi av Statens spesiallærarhøgskole og Musikkterapiutdanning på Sandane (skipa 1988 med Østlandets Musikkonservatorium som fagleg ansvarleg) innlemma i høgskulen.

Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ingeniør- og naturfag, helsefag, lærarutdanning, samfunnsfag, reiseliv, leiing og økonomi. Desse kunne takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og nokre doktorgradstudium, og i ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskulen hadde fire avdelingar: Avdeling for ingeniør- og naturfag (Sogndal og Førde) Avdeling for helsefag (Førde) Avdeling for lærarutdanning og idrett (Sogndal) Avdeling for samfunnsfag (Sogndal)

Ved alle bachelorutdaningane var det høve til å ta eit studieopphald i utlandet som del av graden ved Høgskulen.

Sjå også Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane

Kjelder

Bakgrunnsstoff Høgskulen i Sogn og Fjordane Gunnar Yttri: Frå skuletun til campus. Skald AS 2008

Kategori:Utdanning i Sogn og Fjordane Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Utdanningsinstitusjonar nedlagde i 2016

Kategori:Sogndal kommune Kategori:Byggverk i Sunnfjord Kategori:Gloppen kommune Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg