Lesjaskogsvatnet er ein ca. 10 km lang innsjø i Lesja kommune i Innlandet. Sjøen ligg 611 moh. og har eit areal på 4,34 km².

Innsjøen er den einaste i Noreg som har to utløp. Desse er utgangspunkt for to av Noregs mest kjende elver: I søraust, ved Lesjaverk, byrjar Gudbrandsdalslågen, som renn ned Gudbrandsdalen til Mjøsa, og i nordvest, ved Lesjaskog, byrjar Rauma, som renn ned Romsdalen til Romsdalsfjorden.

Under felttoget i Noreg opererte ein britisk jagarflyskvadron (med fly av typen Gloster Gladiator) frå det islagte Lesjaskogsvatnet.

Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Lesja