mini|Bakke kyrkje Bakke er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke og eit kyrkjesokn i Lister prosti.
Namnet til kommunen og soknet kjem frå garden Bakke ved Sira, som har vore kyrkjestad for soknet sidan mellomalderen.
Kommunesoge Bakke blei oppretta som formannskapsdistrikt i 1838. Fram til 1848 femnde kommunen Bakke, Gyland, Tonstad og Øvre Sirdal. I 1849 blei Tonstad og Øvre Sirdal skilde ut som Sirdal kommune, og i 1894 vart Gyland skild ut som eigen kommune.
I 1965 blei Bakke, Nes, Hidra og Gyland slått saman med Flekkefjord bykommune til storkommunen Flekkefjord.
Kjelder Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen», Statistisk sentralbyrå, 1999. s. 36-41
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Flekkefjord kommune