Ingebjørg og Ingeborg er nordiske kvinnenamn av norrønt opphav. Dei har namnedag den 14. september.

Namna er sett saman av gudenamnet inge (Yngve-Frøy) og bjorg, 'vern'.

Bruk I tillegg til i dei nordiske landa, er Ingeborg også brukt i Tyskland. Ingibjörg er eit utbreidd namn på Island.

I Noreg var namna kjende som Ingbor og Ingebor på 1700-talet. Ingeborg var mykje brukt i Noreg fram mot rundt 1900, då bruken tok til å gå ned. Namnet blei noko meir populært frå midten av 1990-talet.

Namneberarar Ingebjørg Guttormsdatter (ca. 1100), dronninggemalinna til Øystein I Magnusson Ingeborg Valdemarsdotter (ca. 1175-1236), fransk dronning Ingeborg Eriksdotter (1244-1287), norsk kongsdotter Ingebjørg Håkonsdatter (ca. 1301-1360), norsk kongsdotter Ingeborg Marianne Svabø (1797-1861), fyrste jordmor i Ytre Sogn Ingeborg av Danmark (1878-1958), danskfødd prinsesse, mor til Märtha av Noreg Ingeborg Møller (1878-1964), norsk forfattar Ingeborg Gude (1890-1963), norsk teiknar og forfattar Ingeborg Refling Hagen (1895–1989), norsk forfattar Ingebjørg Mælandsmo (1898-1981), norsk forfattar Ingeborg I. Brekke (1909-1999), hotellgründer frå Gulen Ingebjørg Skoghaug (1912-2008), norsk motstandskvinne under krigen Ingeborg Bachmann (1926-1973), austerriksk forfattar Ingebjørg Sem Stokke (f. 1931), norsk skodespelar og teaterinstruktør Ingeborg Botnen (f. 1934), norsk politikar Ingebjørg Dahl Sem (f. 1936), norsk barnebokforfattar Ingeborg Moræus Hanssen (f. 1938), norsk kinosjef Ingebjørg Amanda Godskesen (f. 1957), norsk politikar (FrP) Grete Ingeborg Nykkelmo (f. 1961), norsk skiløpar Ingeborg Midttømme (f. 1961), norsk biskop Ingeborg Arvola (f. 1974), norsk forfattar Ingeborg Sundrehagen Raustøl (f. 1979), norsk skodespelar og songar Ingebjørg Bratland (f. 1990), norsk folkemusikar og kvedar

I stadnamn

Ingeborgrud er ein tettstad i Nes i Akershus Ingeborgvatnet er ein innsjø i Kvæfjord i Troms

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingeborg» frå , den 13. september 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Nordiske førenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til gudar Kategori:Namn knytte til åsatru Kategori:Namn knytte til vern