mini|Grava til Otto I i Magdeburg.

Otto I eller Otto den store () var den første tysk-romerske keisaren etter gjenopprettinga av det tysk-romerske riket i 962.

Frå 936 var Otto I tysk (austfrankisk) konge og frå 951 konge av Italia. Han vart utnemnd til tysk-romersk keisar i 962, eit rike som offisielt bestod fram til 1806. I forsøka sine på å kristne Norden og dei slaviske folka, sende han ut mange misjonærar til område som seinare vart nasjonane Polen og Tsjekkia (tidlegare kjend som Bøhmen). Misjonen førte til at desse folka vart katolske og ikkje ortodokse slik som resten av dei slaviske folka. Otto vert også kalla «Europas befriar» etter å ha stått imot ungarske åtak, særleg ved Lechfeldslaget i 955.

Otto I var son av Henrik I fuglefangaren og den andre kona hans, Mathilda den heilage av Sachsen. Han var gift med Eadgyth eller Edith av England (død 946) og Adelheid av Burgund (død 999). Han hadde følgjande born:

Ludolf Liutgard, gift med Konrad den raude av Lothringen Mathilda, abbedisse av Quedlinburg Otto II

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tysk-romerske keisarar Kategori:Folk frå Sachsen-Anhalt Kategori:Fødde i 910-åra Kategori:Døde i 970-åra