mini|Tidlegare Eidanger kommune utgjorde den meste av noverande Porsgrunn kommune, bortsett frå eit lite område ved Porsgrunnselva som utgjorde gamle Porsgrunn kommune, og eit lite område ytst på Eidangerhalvøya (også kalla Vestbygda), som utgjorde tidlegare Brevik kommune. mini|venstre|Utsyn frå Skjelsvik og innover Eidangerfjorden, med Kattøya lengst inne. mini|Eidangerfjorden, Ormefjorden og Langangsfjorden er dei tre fjordane i tidlegare Eidanger kommune, som dessutan grensa til Frierfjorden i vest og Mørjefjorden i aust.
Eidanger er ein tidlegare norsk kommune i nedre Telemark.
Eidanger var eigen kommune frå 1. januar 1838, fyrst som Formandskabsdistrikt, frå 1853 som kommune/herad. 1. januar 1964 blei Eidanger og tidlegare Brevik kommune innlema i Porsgrunn kommune.
Eidanger dekkjer ca 140 km² sør-aust i Porsgrunn. Bydelen Eidanger i den noverande Porsgrunn kommune omfattar ikkje heile den opphavlege kommunen, men berre områda kring Eidanger stasjon og Eidanger kyrkje, og mellom anna ikkje Flåtten, Hovet/Stridsklev, Herøya, Langangen, Heistad og Lillegården/Døvika/Bergsbygda/Bjønnes.
Namnet Eidanger mini|venstre|Nordre dam på Heistad, der det tidlegare blei skore ut is om vinteren. «Eidanger» blir i dag uttala /æi¹daŋer/, men den eldre uttalen /¹daŋer/ var vanleg fram til byrjinga av 1900-talet. Ein person frå Eidanger heitte tradisjonelt ein dangling /²daŋɽiŋ/.Jamfør Ramberg (1918). Namnet på staden kjem av norrønt Eiðangr, og er sett saman av eið 'eid (stad der ein må gå)' og angr 'fjord, trong vik'.Namnet Eiðangr er nemnt i .
Ein skil mellom «på Eidanger» og «i Eidanger«. Ein nyttar «på» når «Eidanger» viser til bydelen i Porsgrunn kommune og «i» når «Eidanger» viser til den gamle kommunen som eksisterte ut året 1963. Dette skiljet fanst også då Eidanger var ein eigen kommune.
Bydelen Eidanger i Porsgrunn kommune På Eidanger, det vil seie i den noverande bydelen Eidanger i Porsgrunn kommune – ligg Eidanger kyrkje, bygd kring 1130, og Eidanger prestegard, bygd i 1819. Her finst òg Tveten barneskole, Tveten ungdomsskole, Grenland folkehøgskole (skipa 1920)http://www.grenland.fhs.no/ og noko lett industri. Det lokale idrettslaget er Eidanger Idrettslag, stifta 1915, fyrst som Nystrand Idrætsforening.Nettstaden til Eidanger IL.
Historie Eidanger omfatta i tidlegare tider både Austre Porsgrunn og Brevik. Austre Porsgrunn blei 10. oktober 1760 skild ut frå Eidanger og slegen i hop med Vestre Porsgrunn, til Porsgrunn prestegjeld. Brevik blei skild ut som eige prestegjeld 18. august 1860. Eidanger omfatta òg Slemdal kyrkjesokn, som blei skilt ut 10. juli 1847 og lagt til Gjerpen. (Slemdal blei seinare skilt frå Gjerpen som eige prestegjeld 21. april 1856).
Industri mini|Industriparken på Herøya, som opphavleg heitte Eidanger Salpeterfabrikker. I framgrunnen Gunnekleivfjorden. Eidanger var ein utprega industrikommune, med Eidanger Salpeterfabrikker på Herøya (no Industriparken på Herøya, med fabrikkane til mellom anna Yara, REC og Norsk Hydro), skipa 1928, og Dalen Portland Cementfabrik (DPC) (no Norcem Brevik), skipa som aksjeselskap i 1916.
Eidangermålet Tradisjonelt talemål i Eidanger er variantar av grenlandsmålet, som utgjer ei undergruppe av dei vikværske dialektane.
Kyrkjene i Eidanger Det finst tre kyrkjer i tidlegare Eidanger kommune: Eidanger kyrkje, vigd til jomfru Maria 8. juli 1130.Jamfør artikkel om Eidanger kyrkje på nettsidene til Porsgrunn folkebibliotek. Ho blei påbygd og fekk klokketårn i 1787.Jamfør artikkelen Eidanger kirke på bokmålswikipedia. Langangen kapell eller kyrkje, innvigd 23. mars 1891. Herøya kyrkje, bygd 1957.Jamfør artikkelen Herøya kirke på bokmålswikipedia.
Fotnotar
Bibliografi
Ramberg, I. C. 1918. Boken om Eidanger. Porsgrunn.
Kategori:Tidlegare kommunar i Telemark Kategori:Bydelar i Porsgrunn Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Noreg Kategori:Norske kommunar skipa i 1838