«Surfin’» er ein song av The Beach Boys skriven av Brian Wilson og Mike Love. Han vart gjeven ut som debutsingelen deira den 8. desember 1961 på Candix Records og kom seinare ut på albumet Surfin' Safari i 1962. B-sida var «Luau».

The Beach Boys ønskte å skrive ein original song og Brian Wilson kom på at broren Dennis Wilson hadde snakka om at surfing var i ferd med å bli stort og at bandet burde skrive ein song om det.The Beach Boys and the California Myth av David Leaf. Utgjeve av Grosset & Dunlap, 1978. ISBN 0-448-14626-6 Dennis var den einaste i bandet som surfa. Songen inneheld Mike Love på solovokal med Carl Wilson på korvokal og gitar, Al Jardine på korvokal og bass, Brian Wilson på korvokal og perkusjon og Dennis Wilson på korvokal. Singelen nådde 75. plass i USA, og vart ikkje gjeven ut i Europa.

Innspeling Bandet møtte opp på hos Hite Morgan og spelte inn ei utgåve av «Sloop John B» (ein song dei spelte inn seinare), men Morgan fortalte dei at dei trong ein original song for å slå gjennom.Wouldn't It Be Nice: My Own Story av Brian Wilson og Todd Gold. Harpercollins, 1991. ISBN 0-06-018313-6 Brian Wilson har fortalt at det var ein lang pinleg stillheit før Dennis Wilson overraska alle med å seia at dei hadde ein original song, «Surfin'». Hite Morgan bad dei spele songen, men Brian sa at songen ikkje var ferdig enno. Då songen var ferdig fekk dei kome tilbake til studioet og spele han inn.

Dei gjorde tolv opptak av songen, mest fordi Brian Wilson ønskte at det skulle vere perfekt. «Surfin’» vart spelt inn live, men var i følgje Brian dårleg miksa. Ein kan mellom anna nesten ikkje høyre gitaren. Faren deira, Murry Wilson, var misnøgd med miksen og tok sjølv rolla som produsent etter dette.

Andre utgåver Jan and Dean, med The Beach Boys på støttevokal og instrument, spelte inn songen for albumet Jan & Dean Take Linda Surfin’.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Surfin' (song)» frå , den 19. august 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Debutsinglar frå 1961 Kategori:Songar skrivne av Brian Wilson Kategori:Songar skrivne av Mike Love Kategori:Jan & Dean-songar