Roque del Este (spansk for 'klippa i aust') er ei lita øy i Kanariøyane 12 km nordaust for øya Lanzarote, og ein del av den mindre øygruppa Chinijoøyane. Øya høyrer til kommunen Teguise.

Skildring

Øyane er den austlegaste i øygruppa og den nest minste. Som med resten av Kanariøyane har ho vulkansk opphav og er forma som ein speilvendt L. Det høgaste punktet på øya ligg i nord og 84 meter over havet.

Øya er ein del av eit naturreservat.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Roque del Este» frå , den 16. august 2009.

Bakgrunnsstoff Roque del Este

Kategori:Øyar i Kanariøyane