mini|høgre|340px|Kart som viser områda av Frankrike 1534 til 1763.

Den franske og indianske krigen, òg kalla Erobringskrigen (fransk Guerre de la Conquête) eller omtalt som ein del av den større konflikten Sjuårskrigen, vart utkjempa i Nord-Amerika mellom 1754 og 1763. Namnet «Den franske og indianske krigen» syner til dei to hovudfiendane til Storbritannia: dei kongelege franske styrkane og forskjellige indianarstammer i Nord-Amerika. Konflikten var den fjerde kolonikrigen mellom Frankrike og Storbritannia og medførte at Storbritannia erobra Canada. Resultatet av krigen var eit av dei viktigaste i løpet av ein hundreårsperiode med krig mellom dei to landa. Frankrike og Spania var allierte i krigen, og for å kompensere tapet til Spania av Spansk Florida til britane, gav Frankrike Louisiana vest for Mississippielva til Spania. Frankrike sine koloniar nord for Karibia vart redusert til småøyane i Saint Pierre og Miquelon og stadfesta Storbritannia som den dominerande kolonimakta i Nord-Amerika.

Namn Krigen går under fleire namn. I Britisk Amerika vart krigen ofte kalla etter den sitjande britiske monarken, som Kong Vilhelm-krigen eller Dronning Anne-krigen. Sidan det alt hadde vore ein Kong Georg-krig i 1740-åra, kalla dei britiske kolonistane den andre krigen i tida til kong Georg II opp etter motstandarane, og slik vart han kjend som den franske og indianske krigen. Dette tradisjonelle namnet vert framleis nytta i USA, men gøymer at dei amerikanske indianarane kjempa på begge sider i konflikten.Jennings, Empire of Fortune, xv. Ofte vert krigen berre rekna som ein del av sjuårskrigen og omtalt slik. Andre namn som ikkje vert like mykje nytta er den fjerde interkoloniale krigen og den store krigen for riket.Anderson, Crucible of War, 747.

I Europa har vanlegvis ikkje den nordamerikanske delen av sjuårskrigen eit eige namn, så han vert rekna som berre ein del av den større sjuårskrigen. Namnet sjuårskrigen syner til hendingane som skjedde i Europa frå krigen vart offisielt erklært i 1756 til fredsavtalen vart underteikna i 1763. Krigen i Nord-Amerika varte berre seks år, frå slaget ved Jumonville Glen i 1754 til Montreal vart erobra i 1760.

I Canada nyttar både fransk- og engelsktalande «sjuårskrigen» om konflikten i Nord-Amerika (Guerre de Sept Ans)L'Encyclopédie canadienne: Guerre de Sept Ans (fransk) Franske kanadiarar kan òg nytte namnet erobringskrigen (Guerre de la Conquête), sidan det var i denne krigen Ny-Frankrike vart erobra av britane og vart ein del av Det britiske imperiet. Krigen vart òg ein del av «dei gløymde krigane» i Amerika.

Nord-Amerika i 1750-åra Både Frankrike og Storbritannia gjorde krav på områda aust for Mississippielva i Nord-Amerika, men store område, særleg mellom Mississippielva og Appalachane, gjorde òg indianarstammer krav på. Franskmennene hadde dei største koloniane ved St. Lawrence-elva og i Acadia (dagens New Brunswick), Île Royale (dagens Cape Breton Island) og New Orleans, som var sete for den franske provinsen Louisiana. Louisiana gjorde krav på de meste av nedslagsfeltet til Mississippielva, inkludert Ohioelva. Franskmennene hadde eit nettverk av pelshandlarar som strekte seg langt inn i desse områda, men dei gjorde ikkje krav på landområda som indianarstammene der hadde.

Dei britiske koloniane strekte seg langs austkysten av kontinentet, frå Georgia i sør til Nova Scotia og Newfoundland i nord. Mange av dei eldre koloniane gjorde krav på landområde vestover på kontinentet, sidan ein ikkje visste kor langt vest kontinentet strekte seg då koloniane vart oppretta. Flest kolonistar var det langs kysten, men innbyggjartalet auka òg innover i landet, og etter kvart strekte koloniane seg over Appalachane. Nova Scotia, som vart erobra frå franskmennene i Dronning Anne-krigen i 1713, hadde framleis hovudsakleg fransktalande innbyggjarar, hovudsakleg ved Fundybukta og Northumberlandsundet. Storbritannia gjorde òg krav på Rupert's Land, der busetjingane Hudson's Bay Company vart oppretta for å gjere handel med dei innfødde i området.

mini|venstre|Irokesarar handlar med europearar (1722) I mellom franskmennene og britane hadde indianarstammene store landområde. I nord hadde mi'kmaq+ og abenakifolk framleis store område i Nova Scotia, Acadia og dei austlege områda av provinsen Canada og dagens Maine. Irokesarkonføderasjonen dominerte mykje av dagens nordlege område av New York og Ohio Country, sjølv om det i sistnemnde òg fanst delaware- og shawneefolk. Lenger sør var dei indre områda dominert av catawbafolk, creek, choctawar og cherokeear. Då krigen braut ut nytta franskmennene handelssambanda sine for å rekruttere stammer i dei vestlege områda nær Dei store sjøane (eit område som ikkje va direkte ein del av konflikten), inkludert huronar, mississauga-, ojibwa-, winnebago- og potawatomifolk. Britane fekk støtte frå cherokeeane fram til usemje mellom dei førte til Anglo-Cherokee-krigen i 1758, og av irokesarane. I 1758 klarte styret i Pennsylvania å forhandle fram Easton-traktaten, der fleire stammer i Ohio Country lovde å halde seg nøytrale i byte mot landområde og andre omsyn. Dei fleste av dei nordlege stammene tok franskmennene si side, som var den største handelspartnaren deira og som gav dei våpen. Creekfolk og cherokeear var innblanda i diplomatiske forhandlingar med både franskmennene og engelskmennene for anten støtte eller nøytralitet i konflikten. Det var ikkje uvanlege av enkeltpersonar eller små grupper deltok på «den andre sida» i konflikten av det som vart forhandla fram i avtalar.

Spania sitt nærvære aust i Nord-Amerika var avgrensa til provinsen Florida. Dei kontrollerte òg Cuba og andre område i Vest-India som vart militære mål i sjuårskrigen. Innbyggjartalet i Florida var relativt lite og var dominert av busetjingar i St. Augustine og Pensacola.

Ved starten av krigen hadde verken britane eller franskmennene ein ståande hær i Nord-Amerika. Ny-Frankrike vart forsvart av om lag 3000 troupes de la marine, kolonitroppar (somme hadde ein del erfaring med krigføring i skogområda), og at dei nytta seg av militsstøtte når det var behov for det. Dei britiske koloniane nytta seg av militsstøtte for å ta hand om trugselen frå dei innfødde ved behov, men hadde heller ikkje ein ståande hær. Dei forskjellige kolonistyra var òg vande med å styre uavhengig av kvarandre og regjeringa i London. Dette gjorde forhandlingane med dei innfødde vanskelegare sidan fleire koloniar gjorde krav på dei same landområda.

Hendingar som førte fram til krigen

Céloron-ekspedisjonen I juni 1747 gav Roland-Michel Barrin de La Galissonière, generalguvernøren i Ny-Frankrike, Pierre-Joseph Céloron ordre om å føre ein ekspedisjon til Ohio Country for å fjerne britane frå området. Céloron skulle òg sørgje for at indianarane i området støtta Frankrike.

Céloron-ekspedisjonen bestod av 213 soldatar frå Troupes de la marine (franske marinesoldatar), som vart transportert i 23 kanoar. Ekspedisjonen forlét Lachine den 15. juni 1749 og reiste forbi Ontariosjøen og Eriesjøen. Nær dagens Pittsburgh gravla Céloron blyplater der det franske kravet om Ohio Country var inngravert. Når Céloron møtte britiske handelsmenn eller pelsjegerar informerte han dei om det franske kravet og bad dei forlate området.

Då Céloron-ekspedisjonen nådde Logstown informerte indianarane i området han om at dei eigde Ohio Country og at dei ville halde fram handelen med britane, uansett kva franskmennene bad dei gjere.Fowler, Empires at War, 14. Céloron heldt fram sørover til samløpet mellom Ohioelva og Miamielva, som låg like sør for landsbyen Pickawillany. Høvdingen for miamifolket vart informert om at det ville få store konsekvensar om dei heldt fram å handle med britane. Høvdingen ignorerte åtvaringa. Céloron og ekspedisjonen hans reiste ikkje vidare og returnerte til Montreal i november 1749.

I rapporten sin skreiv Céloron at indianarane i området hadde via seg til engelskmennene og at han tvilte på at dei kunne få dei til å skifte side. Reaksjonane i både London og Paris anbefalte at noko måtte gjerast.

Forhandlingar Den austerrikske arvefølgjekrigen (der den nordamerikanske krigsskodeplassen òg vart kalla Kong George-krigen) enda formelt i 1748 med signeringa av Aix-la-Chapelle-traktaten. Traktaten fokuserte hovudsakleg på å løyse problem i Europa og forhandlingar om landområde mellom dei britiske og franske koloniane i Nord-Amerika vart overlaten til ein kommisjon. Britane utpeikte guvernør William Shirley og jarlen av Albemarle, guvernøren i provinsen Virginia til kommisjonen. Albemarle var òg ambassadør i Frankrike. kong Ludvig XV utpeikte Galissonière og andre til kommisjonen. Kommisjonen møttest i Paris sommaren 1750, men ein fekk ikkje i stand noko avtale. Begge partar gjorde krav på grensa mellom Nova Scotia og Acadia i nord til Ohio Country i sør. Striden omfatta òg område i Atlanterhavet og begge partar ønskte dei rike fiskeområda på Grand Banks.

Åtaket på Pickawillany 17. mars 1752 døydde generalguvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de la Jonquière og vart for ei stund erstatta av Charles le Moyne de Longueuil. 1. juli 1752 tok Ange Duquesne de Menneville over posten. Longueuil sende ut ein ekspedisjon til Ohioelva kommandert av Charles Michel de Langlade. Langlade fekk med seg 300 mann som bestod av ottawafolk og fransk-kanadiarar. Målet var å straffe miami-stamma i Pickawillany for ikkje å følgje ordrane til Céloron om å stoppe handelen med britane. Den 21. juni gjekk franskmennene til åtak på Pickawillany og drap fjorten folk frå miami-stamma, inkludert høvdingen.

Marin-ekspedisjonen Våren 1754 fekk Paul Marin de la Malgue 2000 mann frå Troupes de la Marine og indianarar og fekk ordre om å verne dei franske områda i Ohiodalen frå britane. Marin følgde den same ruta som Céloron hadde tatt fire år tidlegare, men der Céloron berre hadde gravlagd blyplater for å synleggjere det franske kravet, bygde Marin fort. Det første fortet var Fort Presque Isle (nær dagens Erie i Pennsylvania) ved den sørlege breidda til Eriesjøen. Han bygde så veg til kjelda til LeBoeuf Creek. Marin bygde eit anna fort ved Fort Le Boeuf (dagens Waterford i Pennsylvania) for å halde vakt over kjelda til LeBoeuf Creek. Vidare sørover dreiv han bort eller tok til fange britiske handelsmenn noko som uroa britane og irokesarane.

Irokesarane sende bod til William Johnson i New York. Johnson vart kalla «Warraghiggey» av irokesarane, som tyder 'Han som gjer store saker'. Johnson hadde vorte eit respektert medlem av Irokesarkonføderasjonen i området. Dei møttest ved Albany i New York med guvernør Clinton og funksjonærar frå andre amerikanske koloniar. Hendrick insisterte på at britane måtte trå til og blokkere franskmennene frå å trenge seg lenger sørover, men fekk ikkje støtte hos Clinton. Hendrick meinte då at «Covenant Chain», ein langvarig avtale mellom Irokesarkonføderasjonen og dei britiske styresmaktene, var broten.

Reaksjonen til Dinwiddie mini|Robert Dinwiddie, britisk guvernørløytnant i Virginia Guvernør Robert Dinwiddie i Virginia fann seg sjølv i ei knipe. Mange handelsmenn hadde investert kraftig i pelshandelen i Ohio Country. Om franskmennene verkeleggjorde kravet sitt på Ohio Country og dreiv bort britane, så ville handelsmennene i Virginia tape store pengesummar.

Som svar på at dei franske militære hadde trengt inn i Ohio, gav Dinwiddie i oktober 1754 ordre til major George Washington i militsen i Virginia om å levere ei melding til franskmennene og be dei forlate Virginia. Washington og tolken Jacob Van Braam reiste mot Fort Le Boeuf den 31. oktober.

mini|venstre|Kartet til Washington over Ohioelva og dei omliggande områda, 1753 or 1754.