Professor Layton and the Curious Village er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla av Level-5, utgjeve av Level-5 i Japan i 2007 og av Nintendo internasjonalt i 2008. Det vart seinare utgjeve for iOS- og Android-einingar i 2018. Curious Village er den første tittelen i Professor Layton-serien, og er etterfølgt av Professor Layton and Pandora's Box.
Spelet handlar om Professor Hershel Layton og den sjølvutnemnde lærlingen hans, Luke Triton. Duoen undersøkjer den fiktive byen St. Mystere for ein artefakt kjend som the Golden Apple, eit arvestykke etterlate av ein baron som ein test for å avgjere kven som skal få formuen hans etter at han har gått bort. Innbyggjarene i St. Mystere har ein spesiell sans for oppgåver der ein må bruke hjernen, og vil ofte be spelaren om å hjelp med å løyse oppgåvene i bytte mot hjelp til ettersøkinga. Navigasjonen og løysinga av gåtene i spelet skjer hovudsakleg gjennom bruk av peikeskjermen.
Professor Layton and the Curious Village har fått positive omtalar, mellom anna for tilnærminga til å kombinere eventyrsjangeren med gåteløysing, i tillegg til presentasjonen og dei animerte sekvensane. Nintendo DS-utgåva har selt over ein million kopiar i Japan, i tillegg til 3,17 millionar kopiar internasjonalt.
Kjelder
Kategori:Android-spel Kategori:Dataspel frå 2007 Kategori:Eventyrspel Kategori:Hjernetrimspel Kategori:iOS-spel Kategori:Nintendo DS-spel