mini|Stor og liten A med circumfleks.
 (a-cirkumfleks, liten bokstav: â) er ein bokstav i skoltesamisk, rumensk, tyrkisk og vietnamesisk. Bokstaven dukkar òg opp i norsk, fransk, portugisisk, vestfrisisk, friulisk og vallonsk som eit avbrigde av bokstaven a.
I ymse mål
Norsk
Normalnorsk Cirkumfleks blir ein del bruka i norske ord der vokalen tidlegare hadde ein ð eller d etter seg. I samband med vokalen a blir cirkumfleksen normalt berre bruka i nokre få ord:
sâl (‘sadel’, i motsetnad til sal (‘hall, stort rom’)); å sâle (‘å leggje sâl på ’)
Dialektar I tillegg blir cirkumfleks ofte bruka i notasjon av ord med endingsbortfall i notasjon av dei dialektane som har slikt bortfall og som har ein særeigen uttale («cirkumfleksuttale») av slike ord:
«å gâng» (‘å gå’); «ei kâk» (‘ei kake’); «ei âm» (‘ei ame, tynne’)
Skoltesamisk  er den andre bokstaven i det skoltesamiske alfabetet, og vert uttala [ɐ], ein nesten-open, midtre vokal.
Rumensk  er den tredje bokstaven i det rumenske alfabetet og representerer . Bokstaven î er òg nytta til å skriva dette ljodet.
Vietnamesisk  er den tredje bokstaven i det vietnamesiske alfabetet og vert uttala . Innan vietnamesisk fonologi kan ein leggja til aksentteikn for å forma fylgjande fem tonar av â. Ầ ầ Ẩ ẩ Ẫ ẫ Ấ ấ Ậ ậ
Ukrainsk  er nytta i ISO 9:1995-systemet for ukrainsk omskriving som bokstaven Я.
Portugisisk  er nytta for å visa trykk på stavingar. IPA-verdet er (i brasilsk-portugisisk når han kjem før nasale konsonantar).
Walisisk I walisisk vert  skriven for /ɑː/-ljodet.
Koding i skriftsystem TeiknsettUnicodeISO 8859-1, 2, 3, 4, 9, 10, 14, 15, 16Majuskel ÂU+00C2C2Minuskel âU+00E2E2
Sjå òg Circumfleks
Bakgrunnsstoff Omniglot - skriftsystem og språk over heile verda Rumensk Vietnamesisk
Kategori:Det latinske alfabetet