Krit eller skrivekrit er ein sedimentær bergart, ein kvit eller lys grå, jordaktig kalkstein som hovudsakleg består av kokkolittar og foraminiferskal. Krit er massiv, ofte med lag av flintknollar. Det er kjent frå den seinare delen av perioden krit i Storbritannia, Frankrike, Nord-Tyskland, Danmark ogRussland. Den noko fastare krit-kalksteinen opptrer mellom anna i Ekofiskområdet i Nordsjøen, der han er ein viktig reservoarbergart for olje og gass.

Namnet kjem av det latinske uttrykket som tyder «jord frå Kreta». mini|venstre|Kritteikning på ei tavle.

Krit blir brukt som skrivekrit, farge, pussemiddel, fyllstoff i industriprodukt, og som vanleg kalkstein.

Uttrykt «å ta på krita» kjem av ein skikk i eldre tider med å avmerke med krit på ei tavle når ein kjøpte utan å betale kontant i forretningar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skrivereiskapar kategori:Kalkstein kategori:Sedimentære bergartar kategori:Alkymistiske stoff kategori:Syutstyr Kategori:Ord frå lågtysk Kategori:Ord av latinsk opphav Kategori:Kreta