Erik Andreas Thomle jr. () var norsk jurist, statsarkivar og genealog. Han var son av assessor August Thomle og Helene Marie Fredrikke Binneballe.

Han vart student frå Nissens latin- og realskole i 1868, ex. philos. i 1869 og cand. jur. med laud 19. desember 1873.

Thomle var konstituert sorenskrivar i Holt i 1876, og vart tilsett i Justisdepartementet i 1877. Han vart tilsett som assistent i Riksarkivet i 1879, frå 1881 vart han fast tilsett, i 1886 vart han utnemnd til "fuldmægtig" (frå 1898 kalla archivar). Han var konstituert riksarkivar i 1905, 1911-1912 og i 1913. I 1914 vart han stiftsarkivar (frå 1919 statsarkivar) for Stiftsarkiva i Kristiania. I si tid i Riksarkivet tok Thomle initiativ for å få samla inn landets kyrkjebøker.

Som genealog var Thomle ein av stiftarane av den norske avdelinga av Samfundet for dansk-norsk Genealogi og Personalhistorie i 1879. Han var styremedlem der heilt til den norske avdelinga i 1926 danna si eiga foreining, Norsk Slektshistorisk Forening.

E. A. Thomle publiserte ei rekke monografiar og tidsskriftartiklar, og var redaktør i Norsk tidsskrift for genealogi, personalhistorie, biografi og litteraturhistorie, som kom ut med 16 hefte frå 1906 til 1926. Han var òg med på å gje ut fleire kjeldeskrifter, mellom anna fleire band av Norske Rigs-Registranter og Norske Herredags-Dombøker.

Utvald bibliografi

Borgermester Anders Jenssøn Helkands optegnelser (1891) Biografiske Efterretninger om Studenterne fra Aaret 1868: samlede i Anledning af deres 25 Aars Studenter-Jubilæum (1893) Hoved-register til Den norske turistforenings årbøger 1868-93 (1894) Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark (1896) Fortegnelse over Regjeringsraadet og Rigsforsamlingens Medlemmer (1902) Westye Egebergs slægt: genealogiske og personalhistoriske efterretninger (1910) Familien Hofgaard i Norge: genealogiske og personalhistoriske oplysninger (1911) En gren af Tordenskjolds-familien (1912) Familien Thomle: genealogiske og personalhistoriske Oplysninger (1913) Studenterne fra 1868: festskrift i anledning af deres femtiaars-jubilæum den 2. september 1918 Slegten Stenersen fra Vaalen i Gausdal samt andre slegtgrene fra Vaalen (1924)

Kategori:Norske statsarkivarar Kategori:Folk frå Oslo