Storsjön (IPA: /ˈstuːˌʂœn/ ) er ein innsjø i Jämtlands län med eit areal på 464 km². Han er ein del av Indalsälva-systemet og er den femte største innsjøen og den fjerde største regulerte innsjøen i Sverige. Innsjøen ligg i kommunane Östersund, Berg, Krokom og Åre. På austsida ligg byen Östersund. Frösön er den største øya i Storsjön.
Färjerederiet Trafikverket (eigd av Trafikverket) driv to gratis ferjeruter på Storsjön, ei mellom Norderön og Håkansta og ei mellom Isön og Norderön. Om vinteren vert det brøyta veg på isen som erstatning for ferjene.Östersund Turist & Kongress.
Storsjön er drikkevasskjelde til Östersund. I november 2010 vart tusenvis av menneske i Östersund råka av magesjuke med diaré. Det viste seg å skuldast Cryptosporidium som hadde kome med drikkevatnet frå Storsjön.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Storsjön» frå , den 14. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Innsjøar i Jämtland Kategori:Innsjøar med kryptidmytar