Ebba Margareta Haslund Halvorsen, kjend som Ebba Haslund, () var ein norsk forfattar og samfunsdebattant. Ho debuterte som forfattar med novellesamlinga Også vi i 1945 og fortsette å skrive bøker livet ut. I tillegg arbeidde ho som omsetjar, litteraturkritikar, forlagskonsulent og radiokåsør. Ho var formann i Den norske Forfatterforening frå 1971 til 1975 og ho hadde mange andre verv i råd, styre og organisasjonar. I Stortingsperioden 1961–1965 var ho fyrste vararepresentant for Akershus Høgre.Biografi på nettstaden til Stortinget Ho var heidersmedlem i Norsk kvinnesaksforening og Den norske Forfatterforening«Ebba Haslund» i Norsk Biografisk leksikon

Utmerkingar

Bokhandlarprisen 1966 Riksmålsforbundets litteraturpris 1968 Ossietzky-prisen 2006 Haslund vart tildelt Fritt Ords honnør i 2007 for eit langt livs engasjement i teneste for litteratur og ytringsfridom.

Referansar

Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Akershus Kategori:Høgrepolitikarar Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1945 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen