mini|Skilt med helsing på blackfoot.
Blackfoot, niitsipowahsin eller siksiká er eit algonkinsk språk som blir tala av blackfootfolk (endonym niitsítapi og siksikaitsitapi).
Språket blir tala av om lag 5000 menneske i Canada av ei etnisk gruppe på 15 000 og av om lag 100 i USA av ei etnisk gruppe på 5–8000. I Canada bur blackfoot-folka på Siksika-, Piegan- og Blood-reservata i den sørlege delen av provinsen Alberta og i USA på Blackfeet-reservatet i delstaten Montana. Dei fire reservata er bustaden til fire undergrupper (engelsk bands) som eksisterte før reservata blei oppretta:
Siksik, 'svartefot', på Siksika-reservatet Aapátohsipikani, 'nord-piikani', på Piegan-reservatet Káínaa, 'mange hovdingar', på Blood-reservatet Aamsskáápipikani, 'sør-piikani', på Blackfeet-reservatet
Desse undergruppene snakkar kvar sin av dei fire hovuddialektane av blackfoot-språket.
Fonologi
Vokalar Blackfoot har tre korte og tre lange monoftongar og tre diftongar:
+ MonoftongarFremreurundaSentralurundaBakrerundaTrongiiiMidtreoooOpenaa
+ DiftongarOpen, sentral➝trong, fremreOpen, sentral➝midtre, bakremidtre, bakre➝trong, fremreaiaooi
Konsonantar Blackfoot har ti konsonantar, her attgjevne ortografisk:
+ KonsonantarLabialAlveolarPalatalVelarGlottalPlosivppk ' Affrikat ts Frikativ shNasalmn Halvvokalwy
Konsonantane ' , h, w og y er alltid korte, medan alle det ved alle dei andre er distinktiv opposisjon mellom korte og lange. Dei lange blir skrivne ved fordobling av bokstavane for dei korte, som er attgjevne i tabellen over. Lang ts blir skriven tts.
Tonar Blackfoot er eit tonespråk, med ein distinktiv opposisjon mellom ein høg tone og ein låg tone. Høg tone er markert ortografisk med ein akutt aksent (´), medan låg tone ikkje er markert. Jamfør desse to orda, som inneheld dei same fonema, men der det fyrste har høg tone (H) på fyrste stavinga og låg tone (L) på andre og tredje stavinga, medan det andre har låg tone på fyrste og siste stavinga og høg tone på andre stavinga:
H-L-L ápssiwa, 'det er ei pil' L-H-L apssíwa, 'det er ein fiken'
Skriftspråk
Latinsk skrift
Siksiká-, Kainai- og Aapátohsipikani-reservata tok i bruk ein standardisert ortografi med latinske bokstavar i 1975, utforma av språspesialisten Donald G. Frantz med hjelp frå fleire blackfoottalarar. Blackfoot-alfabetet har 13 bokstavar: a, h, i, k, m, n, o, p, s, t, w, y, og ein glottal plosiv, '.Frantz 2017, s. 163
Bokstav Aa Hh Ii Kk Mm Nn Oo Pp Ss Tt Ww Yy 'IPA ~ ~ ~ ~ ~
Ein nyttar også to digrafar, ts og ks .
Diftongar IPA ai ~ ~ ~ ao ~ oi
Vokalar kan markerast med ein akutt aksent eller vera understreka for å visa tonehøgd. Vokalar og konsonantar som er lange vert skrivne med doble bokstavar (aa = ).
Stavingsskrift
Ei stavingsskrift, , blei laga av den anglikanske misjonæren John William Tims kring 1888, til arbeidet hans med å omsetja Bibelen til blackfoot. Stavingsskrifta liknar mykje på den til vestcree, men formene på bokstavane er innovative. To seriar (s, y) blei tekne frå cree men gjevne ulike vokalverdiar; tre til (p, t, m) fekk endra konsonantverdiar, etter kva latinsk bokstav dei likna, og dei andre (k, n, w) vart skapte av asymmetriske delar av latinske og greske bokstavar. Symbolet for nullkonsonanten kan vera avleidd frå musikknotasjonen for ei firedelsnote. Den latinske orientasjonen av bokstavane vert brukt for e-serien, etter namna på dei latinske bokstavane, pe, te osb.
BlackfootLatinsk kjelde ᑭ pe P ᒥ te T ᖼ ke K ᒋ me m ᖸ ne N ᖴ we digamma Ϝ Retninga til kvar vokal er ulik frå den til cree, og følgjer latinsk alfabetisk rekkjefølgje. Orienteringa til e vert brukt til diftongen . Symbol for konsonantane er tekne frå konsonantsymbol utan stammen, bortsett frå for diftongane (Ca pluss [ᐠ] for Cau, og Ca pluss [ᐟ] for Coi.
C -a -e -i -o sist midtre (ingen) ᖳ ᖰ ᖱ ᖲ p- ᑫ ᑭ ᑯ ᑲ ᐤ t- ᒣ ᒥ ᒧ ᒪ ᐨ k- ᖿ ᖼ ᖽ ᖾ ᘁ m- ᒉ ᒋ ᒍ ᒐ ᐢ n- ᖻ ᖸ ᖹ ᖺ ᐡ s- ᓭ ᓯ ᓱ ᓴ ᔈ ᐧ y- ᔦ ᔨ ᔪ ᔭ ᐟ ᑉ w- ᖷ ᖴ ᖵ ᖶ ᐠ ᙿ
Det finst også andre sistebokstavar: allofonar [ᑊ] og [ᐦ] , og tre midtre: [ᖿᐧ] , [ᒣᐧ] , [ᖿᑉ] , [ᖿᙿ] .
[᙮] blir brukt til punktum.
Litteratur John Tims var ein anglikansk geistleg som verka for Church Missionary Society. Han var ved Blackfoot-reservatet frå 1883 til 1895. Tims omsette delar av Bibelen til blackfoot. Delar av Matteus-evangeliet var gjevne ut av Church Missionary Society Mission Press i 1887. I 1890 vart Matteus-evangelietgjeve ut av British and Foreign Bible Society, og same året vart andre delar av Bibelen gjevne ut som Readings from the Holy Scriptures av Society for Promoting Christian Knowledge. Tims brukte både latinsk skrift og stavingsskrift. Markus-evangeliet vart omsett av Donald G. Frantz og Patricia Frantz, og gjeve ut av Scriptures Unlimite i 1972. Johannes-evangeliet vart omsett av Wycliffe Bible Translators og blackfootfolk og gjeve ut av Canadian Bible Society i 1979.
Tradisjonell blackfootlitteratur har vore munnleg. I nyare tid er det gjeve ut fleire barnebøker på blackfoot. Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Blackfoot language» frå , den 5. januar 2023.
Bibliografi Frantz, Donald G. (1997) . Blackfoot Grammar. Toronto: University of Toronto Press. ISBN 0-8020-7978-4.
Kategori:Algonkinske språk Kategori:Språk i Canada Kategori:Språk i USA Kategori:Einskildspråk