mini|portrett|Eit aluminiumsjoletre Eit aluminiumsjoletre (engelsk aluminum Christmas tree) er ein type kunstige joletre som var populære i USA frå 1958 til midten av 1960-åra. Som namnet seier er «treet» laga av aluminium, og har nåler laga av aluminiumsfolie. Ofte er der det også ljossett nedanfrå med eit roterande «ljoshjul».

Aluminiumstre skal ha vore dei første kunstige joletrea som ikkje var grønfarga.Hewitt, James. The Christmas Tree, ( Google Books), Lulu.com, 2007, p. 34, (). Dei vart først laga kommersielt omlag 1955, vart verande populære inn på 1960-talet, og vart laga til og med 1970-talet. Trea vart først laga av Modern Coatings, Inc. frå Chicago. Mellom 1959 og 1969 vart dei fleste aluminiumsjoletrea laga i Manitowoc i Wisconsin av Aluminum Specialty Company. I dette tiåret produserte selskapet over ein million aluminiumstre.

mini|portrett|venstre|Tre frå 1960-talet i samlinga til The Children's Museum of Indianapolis.

mini|Aluminiumsjoletre utstilt i delstaten Washington.

Joletrea var på sitt mest populære i 1960-åra. Mot slutten av tiåret byrja dei å verta mindre populære, og mange vart kasta eller stua bort i kjellarar og loft."A dark family secret: the artificial Christmas tree", Oakland Tribune, 24. desember 2006, via findarticles.com, vitja 13. desember 2008. Eit kjend fjernsynsprogram med Knøttene (Peanuts), A Charlie Brown Christmas frå 1965, brukte det kunstige treet som symbol på kommersialiseringa av jula, og forkasta det. Programmet er gjeve skulda for at tida til aluminiumstreet tok slutt.Andrews, Candice Gaukel. Great Wisconsin Winter Weekends, (Google Books), Big Earth Publishing, 2006, p. 178, () I 1967 var denne typen tre nesten heilt forsvunnen.Lukas, Paul. Trees Made of Tinsel , Money Magazine, via CNNMoney.com December 1, 2004, accessed December 13, 2008.

I 1989 kunne ein finna aluminumsjoletre selde brukt for så lite som 25 cent. Seinare har trea vorte populære att som samleobjekt. Eit sjeldan rosa tre på 7 fot vart selt på Internett for 3600 dollar i 2005.Pinto, Barbara. "Town Leads Aluminum Christmas Tree Revival ", ABC News, 18. desember 2005, vitja 13. desember 2008.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aluminum Christmas tree» frå , den 25. oktober 2020.

Bakgrunnsstoff

Brown, Darren. "Aluminum Christmas Trees Making a Comeback", (includes video and photos), News9.com, December 18, 2008, updated December 22, 2008, accessed September 23, 2012. "How to Decorate Your New Aluminum Christmas Tree" (pdf, Brochure), ALCOA, 1959, accessed September 23, 2012. http://aluminumchristmastrees.net/how-to-decorate-your-aluminum-christmas-tree/ J. Shimon & J. Lindemann. Season's Gleamings: The Art of the Aluminum Christmas Tree, (Google Books), Melcher Media, 2004, () McKee, Bradford. "Dumpster, Spare That Tree", The New York Times, November 25, 2004, accessed September 23, 2012. Georges, Theron. The Evergleam Book: 60th Anniversary Deluxe Edition, ( ), Evergleam Press, 2019, ()

Hansen, Liane. "Aluminum Christmas Tree Museum", Weekend Edition Sunday, (audio), National Public Radio, December 3, 2000, accessed December 12, 2008. Martin, Emma. "Vintage Aluminum Christmas Trees - Caring for Your Aluminum Christmas Tree ", American Chronicle, November 29, 2007, accessed December 12, 2008. Murray, Patty. "Aluminum Trees Make a Comeback", (audio), NPR, "All Things Considered", December 8, 2004, accessed September 23, 2012. Robinson, Tom, "Aluminum Christmas Trees Come to Canada", On This Day, (Audio/Visual), CBC Radio, December 22, 1960, accessed December 13, 2008. Wisconsin Historical Society. "Pink Evergleam Aluminum Christmas Tree " (Museum object #2005.174.1.1), Wisconsin Historical Society - Curators' Favorites, December 15, 2005. Retrieved September 22, 2012. Kitsch pink Christmas decorations including a history of aluminum Christmas trees.

Kategori:Julepynt Kategori:Juletre Kategori:Aluminium